Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Vil du lære deg å fotografere?

Vi ønskjer å starte opp tilbod i foto for nybegynnarar våren 2022, med oppstart i mars, veke 9. 

  

Aldersgruppe: fra 8. trinn og oppover

(vaksne kan også søkje, men ungdom vert prioritert) 

Stad: Gossen og i Julsundet 

Oppstart: Veke 9 

Beskrivelse: 

Teoretisk/praktisk del: I veke 9–13 vil vi møtast innandørs ein time kvar veke, på torsdag ettermiddag. I denne perioden vert det teoretisk og praktisk opplæring i bruk av kamera, lys og teknikkar. 

Opphald: Etter veke 13 kjem det nokre veker der vi ikkje vil ha undervisning grunna påskeferie og flytting til nye lokaler, men deltakarane kan jobbe med prosjekt på eigenhand denne perioden. Det kan komme endringar i tidspunkt for opphaldet. 

Praktisk del: Når vi har fått flytta inn i nye lokaler går vi over i ei periode der vi vil øve oss på å ta bilete, både utandørs og innandørs. Vi vil avtale fleire utflukter der vi til dømes reiser saman til Molde for å ta bilete i bymiljø, inne i Aukra kulturhus og meir. 

Desse samlingane vil kunne foregå på ettermiddag og på helg, plan for dette kjem vi tilbake til, men vi vil forsøke å finne tider som passar for alle deltakarane.

Læringsutbytte: Som deltakar får du lære deg grunnleggjande bruk av kamera, bruk av lys, teknikkar og etterbehandling/redigering. Vi legg opp til at deltakarane får prøve seg på å ta bilete på ulike forestillingar i kulturhuset. Vi vil også lære korleis vi etterbehandlar bileta vi har tatt og korleis vi kan publisere bileta. 

Utstyr: Du treng ingen forkunnskapar for å delta. Utstyr som fotokamera og iPad vil du få låne av kulturskolen, eller du kan ta med ditt eige utstyr om du ønskjer det. 

Pris: Ordinær semesteravgift, samt materiellavgift. Les meir om prisar her.

Frist for påmelding: 1. februar 2022

Søk om plass på foto