Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Kurs i teikning og grafikk for vaksne

Første helga i oktober samlast deltakarane og kunstlærar Liz på kulturskolen for to dagar med kreativitet.

Kurset i teikning og grafikk for vaksne var fullteikna og dei tolv påmeldte i aldersspennet 20–70-åra fann fort tonen. Saman fekk dei lære om og prøve ut ulike teknikkar og medium. Det vart teikna stilleben av gjenstandar, sjølvportrett og portrett av ein person, mellom anna. 

Kurset er organisert med fire helgesamlingar i løpet av året, to på hausten og to til våren. Ønskjer du å vere med neste gong det vert satt opp tilsvarande kurs, kan du søkje om plass og stå på venteliste. 

Søk om plass på kurs i teikning og grafikk

Sjå bilete frå første samling: