Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

BlimE-veke 9. -13. mars

I veke 11 (9.-13. mars) er det BlimE-veke i kulturskolen.

BlimE på gruppetilbod: Denne veka er fleire av våre gruppetilbod opne for dei som har lyst å komme for å få eit innblikk i tilbodet:

* Teater
* HipHop og Breakdance
* Kunst
* KuDraMuDa
* Intro
* Småbarnstrall 

Sjå timeplana for tidspunkt og gje oss gjerne ei tilbakemelding om kva du vil komme på. Perfekt for deg som lurer på kva du vil søke på til hausten!

NB: Om du går på SFO eller i barnehagen og vil vere med på open time på eit tilbod som er i SFO eller bhg tida, så må du sjølv varsle SFO/bhg om dette.

BlimE på øvingstime: Elevar som har individuell øvingstime har moglegheita til å invitere med seg nokon på øvinga si. Korleis dette foregår har elevane i kulturskolen fått informasjon om frå læraren sin.

Har du spørsmål om individuell opplæring eller våre gruppetilbod kan du gjerne ta kontakt med oss her eller på mail kulturskolen@aukra.kommune.no

Minner om søknadsfristen som er 15. mars :)

For å søke om plass går du inn på heimesida vår www.aukrakulturskole.no