Vil det lokale laget ditt, foreining eller organisasjon utfordra politiet i ein idrett eller aktivitet?

Politiet i Molde politistasjonsdistrikt ønskjer å møta barn og unge på ein uformell og god måte for å få innspel frå ungdommane sjølv om viktige tema. 

Ved å møta barn og unge på arenaene deira håpar vi at deira lag, organisasjon eller foreining har lyst til å utfordra politiet til å vere med på ein aktivitet eller ein vennskapeleg konkurranse.
Det kan vere alle slags aktivitetar, som til dømes fotball, volleyball, basketball, handball, riding, fekting, dansing og sjakk. 
-    Politiet tek nemleg utfordringa, sjølv om vi må litt ut av komfortsona, kommenterer seksjonsleiar for etterretning, førebygging og etterforsking, Mona Kvernberg, muntert.

Politiet ønskjer at lag og organisasjonar i Molde og Aukra kommunar tek kontakt dersom dette kan vera noko dei har lyst til å vera med på. 

Prosjektet i Molde og i Aukra er ein del av eit større arbeid i politiet som blir omtalt som Innbyggerstemmen. Det handlar om å setja innbyggjaren i sentrum i utviklinga av polititenestene ved å få tilbakemeldingar og innsikt frå nettopp innbyggjarane.

Kvifor er dette viktig for politiet?

-    Det er viktig for oss å vite kva ungdommane meiner om korleis politiet best mogleg kan førebyggje ungdomskriminalitet og legge til rette for å skapa tryggleik i det digitale rommet. Det er viktige spørsmål som vi ønskjer å snakka med barn og unge om. Vi ønskjer å høyra stemma til ungdommen, seier Mona Kvernberg.

Ungdomskriminaliteten utviklar seg i ei retning der stadig yngre ungdom dregst inn i kriminalitet. Politiet både nasjonalt og i Møre og Romsdal ser ei haldningsendring blant ungdom som går i retning av meir aksept for narkotika, meir grenseoverskridande og respektlaus åtferd, med vald og truslar, både mellom ungdom og mot vaksne og autoritetar som politi og lærarar. Ulovleg biletdeling er også ei stadig aukande utfordring. 
-    Politiet bruker mykje ressursar på ungdom der det ligg føre sterk bekymring, og mot desse ungdommane jobbar me både tverrfagleg, førebyggjande og i det reaktive sporet. Samtidig ønskjer vi å jobba meir førebyggjande mot ei større ungdomsgruppe, forklarer Mona Kvernberg.

Oppmodar til å ta kontakt

-    Vi håpar lokale lag og organisasjonar for barn og unge tek utfordringar, slik at vi saman kan leggja til rette for ein uformell og god arena for samtale og sosial aktivitet saman. For dei som får besøk av oss vil vi etter aktiviteten leggja til rette for matservering som vi får stelt i stand i samarbeid med vaksenopplæringa i Molde. Dette prosjektet her gler vi oss til å komma i gang med, avsluttar Mona Kvernberg engasjert.

Er dette noko for laget eller organisasjonen ditt? 

Ta gjerne kontakt med Mona Kvernberg på post.moreogromsdal@politiet.no eller ved å ringe 70118000 for ein uforpliktande prat.