Utlysing av sommarjobb som fiskar gjennom Ungdomsfiske 2024

I sommar kan ungdom som er nysgjerrig på fiskaryrket og har lyst på jobberfaring, søke om sommarjobb i Ungdomsfiske.

Aukra kommune leiger inn båt med skipper som vil rettleia ungdommane som er ombord. Lønt vil vere det du får for sal av fisken du fiskar. 

Formålet med Ungdomsfiske er at fleire ungdommar får prøva seg på sjøen. Me oppmodar til søknader frå alle som er interesserte, uavhengig av kjønn og bakgrunn.

Fisket vil gå føre seg i to periodar

  • Periode 1: 1. juli – 14. juli. 
  • Periode 2: 29. juli – 9. august.


Kva dagar i perioden det er drift, og oppmøtetid, blir avtalt med skipper. Når du søkjer, kryssar du av for kva periode du kan delta, evt begge periodane. 

Du vil mellom anna 

  • fiske med dei/den reiskapen båten er rigga med 
  • få sikkerheitsopplæring og sikkerheitssøving
  • lære om råstoff, innmelding av fangst og sjømannskap

Vi søkjer deg som er

  • Arbeidsom
  • Nysgjerrig
  • Omgjengeleg
  • Sjølvstendig samtidig som du er ein lagspelar

For å kunne delta må du

  • Fylle 15 år i 2024 eller vere eldre, men ikkje ha fylt 25 år før 30.4.24. 
  • Delta på sikkerheits- og opplæringsdag i Kristiansund 25. juni
  • Kunne møte opp og ta deg heim frå avtalt oppmøtestad
  • Følgje opp dei krava til søknader/dokumentasjon som krevst, viss du får tilbod om sommarjobb. 
  • Tidleg i haust vil det vera ei felles avslutning, og vi ønskjer at flest mogleg deltek på denne.

Slik søkjer du

Vi ønskjer at du søkjer ved å fylla ut form-skjema som du finn på denne linken: 

Fyll ut søknadsskjema

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 27. mai 2024

Spørsmål?

Spørsmål kan rettast til Birgit Dyrhaug ved Nordmøre fiskebåt på 913 29 242 eller birgit@nordmorefiskebat.no