Utlegging av eigedomsskatteliste for 2026Skatteliste for eigedomsskatt i Aukra kommune låg ute til offentleg ettersyn i tre veker frå og med 2. mars 2026, jamfør eigedomsskattelova § 15.Om eigedomsskatt for 2026Aukra kommunestyret vedtok den 11. desember 2025, i sak PS-66/25, å skrive ut eigedomsskatt for skatteåret 2026. Rettsleg grunnlag er eigedomsskattelova (esktl.) § 3 bokstav c, jf. overgangsreglane til §§ 3 og 4. Skattesatsen blei i same sak fastsett til 7 promille.Lista låg ut på kommunen si heimeside, og ved ekspedisjonen på kommunehuset i tre veker frå og med 2. mars 2026.Eigedomsskatten forfell til betaling i to like store terminar, 15. april og 15. oktober 2026.Administrativ og rettsleg prøvingKlage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år. Klagen må sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker rekna frå 2. mars 2026.Søksmål om vedtaket er gyldig, kan berre reisast dersom skattytar har nytta klageretten, jf. esktl. § 29 og forvaltningslova § 27 b.Eigedomsskattekontoret kan svare på spørsmål om utlikna eigedomsskatt. Publisert 02.03.2026 08.51 Sist endra 25.03.2026 08.01