Tilskot til inkludering av barn og unge 2025Tilskotsordninga “Tilskudd til inkludering av barn og unge” er no lyst ut for 2025. Mål og målgruppe Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike årsakar står i fare for å hamne i utanforskap. Du finn meir informasjon om tilskotsordninga på Bufdir si heimeside.Kven kan søkjeOffentlege instansar Frivillige organisasjonar Private aktørar SøknadsfristFrist for å søkje er 1. november 2024.Slik søkjer duSett deg inn i regelverket og informasjonen på nettsida av ordninga.Logg inn, fyll ut og send inn søknad i Bufdir sin søknadsportal for tilskot. Frivillige organisasjonar og private aktørar skal nytte søknadsskjema 2. Søknaden skal vere knyt til ein deltakande kommune - for unntak sjå nettsida av tilskotsordninga. Du skal søkje om tilskot til ulike aktivitetstypar, sjekk også her nettsida av ordninga for meir informasjon. Etter at du har sendt søknaden blir søknadane behandla slik: Søknadar som er sendt inn av andre aktørar enn kommunen sjølv skal rangerast av kommunen. Kommunen skal forankre rangeringa av søknadane på besluttande politisk eller administrativt nivå. Etter at kommunen er ferdig med rangeringa set Bufdir i gang med den endelege saksbehandlinga av søknadane. Det vil vere informasjon på Bufdir sine nettsider om forventa saksbehandlingstid. Fleire spørsmål?Har du fleire spørsmål, kan du ta kontakt med kultursjef Anne Jorunn Sandøy. Publisert 24.10.2024 10.37 Sist endra 24.10.2024 10.41