Sommaraktivitetar 2024 i Aukra

Lurer du på kva du kan gjere i Aukra i sommar? Finn litt inspirasjon i denne artikkelen.

Sommarkafé på Aukra kulturhus

  • 22. juni til 3. august
  • Måndag til laurdag kl. 11-15
  • Sal av vaflar, kaffi, te, brus, donuts og is

Sommarutstilling på Liljå

Elevane frå kunstfag i Aukra kulturskole inviterer til utstilling av elevarbeid frå prosjektet Ormen og Arv.

Open kveld sommar

Det er ope på Sentral`n for Open kveld i sommar. Open kveld er frå kl. 19 til kl. 22.30 på desse fredagar:

  • 28. juni
  • 5. juli
  • 12. juli
  • 9. august
  • 16. august

Gratis skyss frå og til ferja: 19.15-ferja frå Hollingsholme, 22.30-ferja frå Aukra. Send melding til Jenny på telefon 934 46 858 for skyss.

Ope på Sentral`n

Sentral`n held ope kl. 14-16 på torsdagar. Tilbodet er for ungdom frå 8. klasse til 17 år.

Løvikremma kystgard

  • Ope 23. juni - 4. august kl. 12-16
  • Sal av kaffi og vaflar

Løvikremma er frå ca. 1860 og er ein typisk kystgard, der næringsvegande har vore jordbruk og fiske. I sommarsesongen er frivillige frå Aukra vertskap og tek i mot dei besøkande. 

Følg Løvikremma på Facebook for å få informasjon om arrangement.

Besøk heimesida til Løvikremma kystgard.

Svømmebasseng

Sommaropningstider 22. juni - 18. august 2024

Sommaropningstider 22. juni - 18. august 2024
Vekedag Klokkeslett
Måndag 16.00-20.00
Tysdag 07.00-09.00 mosjon og 09.00-11.00 familie
Onsdag Stengt
Torsdag Stengt
Fredag 14.00-18.00
Laurdag 11.00-15.00
Søndag 11.00-15.00

Biblioteket og Sommarles

Biblioteket har vanlege opningstider i sommar, men held stengt desse dagane:

  • Torsdag 27. juni
  • Torsdag 4. juli
  • Laurdag 6. juli
  • Torsdag 11. juli

Sommarles 1. juni - 31. august

Sommarles er i gong. Frå 1. juni til 31. august kan alle 1. - 7. klassingar i Aukra vere med på lesekampanjen saman med barn frå heile Noreg. Sommarles har vore ein stor suksess gjennom fleire år.

Målet med kampanjen er å motivere barn til å lese så mykje som mogleg i løpet av ein lang sommarferie. Barna kan registrere bøkene dei har lese og samle poeng på Sommarles si heimeside. All lesing tel, anten barnet les sjølv, blir lest for eller høyrer på lydbok. Etter kvart får dei både digitale trofé og små premiar som dei kan hente på biblioteket. Dei kan og følgje med i årets Sommarles-forteljing, som er skrive av Mari Moen Holsve, og få poeng for å løyse oppgåver som er knytta til forteljinga. 

Om nokon har spørsmål om registrering er det berre å kontakte biblioteket.

Tur, friluftsliv, badeplassar

Du finn ei oversikt over turmoglegeheiter, friluftsliv og badeplassar på vår heimeside.

Finn turinspirasjon på StikkUT si heimeside.

Båttur til Bud, Bjørnsund og Aukra

Opplev fiskeværet Bjørnsund og Løvikremma kystgard med guide og tre-rettars kystmeny med lokale råvarar i sommar. Turen tar cirka sju timar og inkluderer båttur, guida omvisning på Løvikremma kystgard, guida værvandring og middag på Bjørnsund.  Det vert arrangert tolv turar denne sommaren.

Les meir om tilbodet og korleis du kan bestille på fjordnorway si heimeside.

BUA Aukra - Utlånssentralen

På BUA kan du låne fritidsutstyr gratis. Sjå BUA si side for meir informasjon og tilgjengeleg utstyr.

Du finn BUA i 2. etasje på Aukra kulturhus, ved kulturadministrasjonen.

  • Open tysdag og torsdag kl. 15.00-17.00
  • Desse torsdagane er det avvikande opningstid: 27. juni, 4. juli og 11. juli. Ta kontakt med kulturadministrasjonen på telefon 909 86 251 mellom kl. 9 og 15 desse datoane om du vil låne noko.