Søk midlar frå småtiltakspotten GassROR IKS

GassROR IKS set av èin ekstra million kroner til aktivitet og utviklingstiltak for lag, foreiningar og organisasjonar i 2024

Opphavleg ramme på 1,05 mill. vart tildelte allereie første tildelingsrunde, og no blir ramma utvida for å ha midlar til ein ny tildelingsrunde til hausten.

Søknadsfrist er 1. oktober 2024

Kva meines med Småtiltak?

Denne årlege potten til mindre tiltak er tenkt til lag, foreiningar o.l. Det vil bli vektlagt eigeninnsats som dugnad og andre bidragsytarar.

Med «mindre tiltak» meinast tiltak der det kan søkjast om stønad på inntil 50.000 kroner, der støttesummen kan utgjere maksimalt 50 prosent av totalt budsjett.

For prosjekt på inntil 3 år kan det søkjast om stønad på inntil 150.000 kroner, der støttesumen kan utgjere maksimalt 50 prosent av totalt budsjett.

Kven er målgruppa for Småtiltakspotten?

Målgruppa er lag, foreiningar og organisasjonar i Molderegionen (Aukra, Hustadvika, Molde, Rauma og Vestnes). Det blir ikkje gitt stønad til bedrifter eller privatpersonar, ei heller til ordinær drift av lag og foreiningar.

Les meir om Småtiltakspotten på nettsida til GassROR IKS

Slik søkjer du

Elektronisk søknad finn du på nettsiden til GassROR IKS.

Alle søknader skal innehalde:

  • Namn (på ansvarleg kontaktperson)
  • Lag/foreining o.l. (namn, ev. org. nummer, adresse, e-post og telefonnummer for kontakt).
  • Kort omtale av tiltaket.
  • Tid for planlagd oppstart og avslutta tiltak.
  • Budsjett med kostnader og inntekter.
  • Evt. tilleggsopplysingar (f.eks. tilrådingsbrev, samarbeidspartnarar o.l.).

Kontaktinformasjon Småtiltakspotten

Ole Helge Haugen, dagleg leiar GassROR IKS på telefonnummer 996 28 025

Per Sverre Erdsvik, Styreleiar GassROR IKS på telefonnummer 415 12 310