Sjukepleiarar i Aukra er med i forskningsprosjekt

Høgskolen i Molde og heimetenesta i Aukra forsker på den walisiske biverknadsprofilen.

Høgskolen i Molde har invitert heimetenesta i Aukra til å delta i eit forskningsprosjekt som skal utvikle ein norsk versjon av den walisiske biverknadsprofilen, den såkalla ADRe-profilen. Arbeidet starta for tre år sidan og skal vare i syv år. Den norske versjonen av profilen kan bli brukt i heile Noreg.

Biverknadsprofilen er eit sjukepleiarleia, omfattande verktøy til å kartlegge pasienten sin bruk av medisinar og eventuelle biverknadar. Både fysiske og psykiske funksjonar vert observert og notert i ei oversikt. I tillegg vert det sett på ernæring og nivå av aktivitet.

Frå Aukra deltek åtte sjukepleiarar som medforskarar i feltarbeidet. Dei vil kartlegge pasientane i lag med fire forskarar frå Høgskolen i Molde. For å bli med på forskninga må pasienten bruke minst fem medisinar dagleg. Det vil bli utført minst 50 kartleggingar. Til kvart intervju er det satt av ein time, og ein pasient må kanskje bli intervjua fleire gonger.

Avdelingsleiar for heimetenesta i Aukra kommune Malene Lillebostad som koordinerer kartlegginga i Aukra og er kontaktperson mellom forskarane i Aukra og Molde, seier:

  • Arbeidet vårt handlar først og fremst om å førebygge skade og sjukdom som følge av bruk av medikament. Pasientane skal ikkje gå med unødvendige plager, dersom dei har samanheng med føreskrivne medisinar. Vi arbeidar for å auke tryggleiken til brukarane.

Ho fortel at mange biverknadar av medisinar kan ligne sjukdom og at verknad av medisinen kan endre seg over tid, når ein pasient har brukt han lenge. I tillegg vert risikoen for biverknadar større, jo fleire medisinar ein pasient tek.

Den 16. april har prosjektet hatt kick-off - så no er vi i gang!