Nasjonal test av naudvarsel 12. juni 2024

Onsdag 12. juni klokka 12 vil politiet teste naudvarsel på mobil. Sivilforsvaret vil samstundes teste sine varslingsanlegg i ei felles nasjonal varslingsprøve.

Når skjer det?

Mobile einingar som er knytt til 4G eller 5G og befinn seg i Noreg vil motta naudvarsel kring kl. 12 onsdag 12. juni 2024.

Kva skjer?

  • Mobilen vil spille av eit høgt lydsignal og vibrere i cirka 10 sekund. I teksten som dukkar opp på skjermen står det at dette berre er ein test.
  • Sivilforsvaret vil utføre halvårstest av tyfonar (lokale sirener) i same tidsrom over heile landet. Signalet vil bestå av tre seriar med tuting med eitt minutts opphald mellom seriane.
  • Dersom du ikkje ønskjer å bli forstyrra av varslingsprøva kan du sette din mobile eining i flymodus eller skru ho heilt av. Lydlaus, låg lyd, dempa varsling og liknande vert overstyrt.

På nodvarsel.no finn du også meir informasjon om varslingsprøva.