Lansering av Aukra gjennom tidene og markering av Aukra kommune 100 år

Aukra sogenemnd inviterer til lansering av årets Aukra gjennom tidene og markering av Aukra kommune sitt 100års-jubileum.

Aukra gjennom tidene er snart klar for sal igjen, og dette feirast med ein lanseringskveld tysdag 19. november kl. 19 i Wickssalen på Aukra kulturhus. Her kan du få sikra deg årets utgåve, noko som heilt sikkert vil vere ei populær julegåve! Nokre av forfattarane i Aukra gjennom tidene 2023-2024 vil fortelje litt om artiklane sine.

Det vert også markering av at Aukra kommune fyller 100 år! Då blir det sjølsagt servert kaffi og god kake. Same kveld vil ordførar Helge Kjøll jr. avduke eit nytt skilt utanfor Aukra kulturhus.

Arrangementet er gratis.

Vel møtt!