Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Kurs for pasientar og pårørande på Molde sjukehus hausten 2022

Molde sjukehus tilbyr ei rekke kurs for pasientar og pårørande.

Kva for kurs kan eg delta på?

Molde sjukehus tilbyr kurs for både vaksne og barn, pasientar og pårørande. Sjå i oversikt nedanfor om det er noko som er interessant for deg.

Vaksne

  • Hjerneslag - 31. oktober, 3., 7., og 10. november
  • Stomi - 27. og 28. oktober
  • Parkinson - diagnose før inntil fem år sidan - 15. og 22. november
  • Parkinson - diagnose for meir enn fem år sidan - 17. og 24. november
  • Brystkreft - digitalt frå Ålesund - månadlege kurs
  • Hovudpine - kontinuerleg
  • Svimmelheit - kontinuerleg
  • Tinnitus - kontinuerleg
  • Osteoporose - kontinuerleg

Barn, ungdom og deira familiar/foresatte

  • Epilepsi - digitalt frå Kristiansund og Ålesund) - 10. november
  • Autisme/Asperger - ungdom frå 8. klasse - 14. september digitalt, deretter to dagar i fysisk gruppe.
  • Autisme/Asperger - foreldre til barn - 19. og 27. oktober, 4. november
  • ADHD - digitalt foreldrekurs - 2. og 9. november
  • Stomi hos barn og unge - 27. og 28. oktober

Du kan lese meir om pasient- og pårørandeopplæring og kursa på Helse Møre og Romsdal si heimeside.

Info om tilbodet og kursa

Korleis kan eg melde meg på?

Du må ha tilvising frå lege for å delta på kurs og gruppetilbod. Det kan vere fastlegen din eller lege på sjukehuset.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Spørsmål?

Ved spørsmål kan du ta kontakt med Lærings- og meistringssenteret i Molde ved rådgjevar Astrid Ljøkjell Solem på telefon 930 91 816.