Koronavaksine våren og hausten 2023

Folkehelseinstituttet anbefalar at personar i aldersgruppe 65 år og eldre, samt bebuarar på sjukeheim, får ei oppfriskingsdose til sesongen 2023/2024.

Vaksineanbefaling for sesongen 2023/2024

Folkehelseinstituttet anbefalar at følgjande grupper bør ta ei oppfriskingsdose med koronavaksine til sesongen 2023/2024:

  • personar i aldersgruppe 65 år og eldre, samt bebuarar på sjukeheim
  • personar i aldersgruppe 18-64 år som inngår i ei risikogruppe
  • ungdom i aldersgruppe 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • barn 6 månadar til 11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom barnets lege vurderer dette som viktig
  • gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester kan bli vurdert dersom den gravide har tilleggssjukdommar som gjev ytterlegare auka risiko

Ein ny dose vil vere særleg aktuell dersom du ikkje tidlegare har hatt koronasjukdom, og dersom du i tillegg til høg alder (65 år eller eldre) har ein sjukdom eller tilstand som gir auka risiko for at koronasjukdomen kan bli alvorleg dersom du blir smitta.

Kombinasjon av infeksjon og vaksinasjon gir betre vern enn vaksinasjon aleine og held seg godt over tid.

Informasjon om vaksine for sesongen 2024/2025

Folkehelseinstituttet vil kome med ei tilråding om oppfriskingsdose til hausten, før vintersesongen 2024/2025.

Informasjon om oppfriskingsdose (dose 4)

Aukra kommune tilbyr også oppfriskingsdose (dose 4) til alle som ønskjer det av våre innbyggjarar over 18 år.

Slik bestiller du time til koronavaksinsering

Ta kontakt med legekontoret eller koronakontakten måndagar for avtale om vaksinering. 

Må eg betale for koronavaksina?

Vaksina er gratis. 

Har du spørsmål om koronavaksinering?

Ved spørsmål skriv e-post til koronakontakten: korona@aukra.kommune.no

Kontakt

Aukra legekontor
Aukraringen 17, 6480 Aukra
Telefon 71 17 14 00
Koronakontakt
Tiili Stamsvik
E-post
Mobil 90 69 25 58

Opningstider

Legekontoret

Kvardagar mellom kl. 08.00 og 16.00

Adresse

Besøks- og postadresse Aukra legekontor

Aukraringen 17

6480 Aukra