Kan du tenke deg å bli helsefagarbeidar?Då er du invitert til ein rekrutteringsdag for helsefagarbeidarar, Kick-off helsedag 12. januar 2023.Hustadvika, Aukra og Molde kommunar inviterer saman med Romsdal opplæringskontor, Møre og Romsdal fylkeskommune og NAV til ein rekrutteringsdag for helsefagarbeidarar, Kick-off helsefag. Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som er nysgjerrig på jobb som helsefagarbeidar. Kanskje du allereie har noko erfaring og ønskjer å formalisere kompetansen, eller har du allereie bestemt deg for å bli helsefagarbeidar? Målet med dagen er å få til eit opplæringsløp som resulterer i fagbrev. Kvart løp vil i utgangspunktet vere individuelt og byggje på den einskilde sin kompetanse og tidlegare erfaringar. Opplysningar om tidspunkt for rekrutteringsdagen Dato: 12.01.2023. Tidspunkt: Arrangementet startar klokka 12.00, med registrering frå klokka 11.30. Arrangementet vert avslutta klokka 14.30. Kvar: Rådhussalen i Molde.Målsetjinga med rekrutteringsdagenMålsetjinga med dagen er å vise fram ulike sider av yrket og starte ein prosess der vi finn din veg mot eit fagbrev, dersom du ønskjer det.Kva skjer etter rekrutteringsdagen?Dette gjeld dei som ønskjer å bli med vidare: Intervju med arbeidsgivarar (her har du moglegheit til å setje opp ønske). Moglegheit til å prøve ut yrket. Individuelle løp; for eksempel kan kartlegging, søknad til skule, oppstart <UKJENT:lærlingeløp> og økonomiplanlegging vere noko av det som skjer.Påmelding til rekrutteringsdagenDu kan melde deg på rekrutteringsdagen ved å trykke på denne lenka (til nav.no)NAV handterer påmeldinga og du vil derfor kome til NAV si nettside når du melder deg på, uavhengig om du er i kontakt med oss eller ikkje.Håpar vi ser deg på kick-off. HelsingRomsdal opplæringskontor og NAV ved: Anita Uhlen E-postadresse: anita.uhlen@molde.kommune.no Telefonnummer: 400 61 202Liv Randi Schønning E-postadresse: liv.randi.schonning@nav.no Telefonnummer: 455 03 524 Publisert 21.12.2022 14.08 Sist endra 11.07.2024 10.53