Jobbmesse 2023

Det vert jobbmesse på Aukra kulturhus torsdag 9. mars 2023 i regi av NAV Aukra.

Kva er jobbmessa?

Jobbmessa er ein lokal arena der du som arbeidsgjevar kan presentere bedrifta di, fortelje om ditt rekrutteringsbehov og snakke direkte med jobbsøkjarar.

Du som arbeidstakar kan bli kjent med bedriftene i kommunen vår og sjå kva som skjer på arbeidsmarknaden.

Dato, tid og stad

  • Dato: Torsdag 9. mars 2023
  • Tid: kl. 12.00-15.00
  • Stad: Aukra kulturhus

Kven kan delta på jobbmessa?

  • Bedrifter i Aukra
  • Alle som er interessert i å jobbe i Aukra, uavhengig om du er arbeidsledig, skal starte i arbeidslivet eller ønskjer å bytte jobb

Korleis delta på jobbmessa?

Bedrifter

Ta kontakt med NAV-leiar Kjerstin Mauseth på telefon 476 49 201.

Privatpersonar

Ingen påmelding. Det er berre å møte opp.