Informasjon om fugleinfluensa

Har du oppdaga døde eller sjuke ville fuglar eller andre ville dyr, og mistenkjer fugleinfluensa? Meld frå til Mattilsynet.

2023 var det eit stort utbrot av høgpatogen fugleinfluensa (HPAI) på ville fuglar, særleg den trua måsearten krykkje vart ramma. 

Så langt i 2024 har det i følgje ein EFSA-rapport for perioden desember 2023 – mars 2024 og Veterinærinstituttets siste statusrapport vore færre påvisingar enn i fjor. Likevel ser vi at utbreiinga av viruset som forårsakar fugleinfluensa er stor, og det er eit stort genetisk mangfald blant sirkulerande virus. Fugleinfluensa er i tillegg påvist hos fleire pattedyr, mellom anna raudrev i Noreg, og drøvtyggjarar i USA.

Ved mistanke om fugleinfluensa kan du melde frå til Mattilsynet

Slik kan du melde frå til Mattilsynet ved mistanke om, eller påvising av, alvorleg smittsam dyresjukdom:

Meld frå til Mattilsynet via denne lenka (skjema)

Ring Mattilsynet på telefonnummer 22 40 00 00

Les meir om kva du bør gjere ved funn av død eller sjuk villfugl