Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Infomøte om vindmåling og status i planlegginga av Kjerringsundsambandet

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer naboar og andre interesserte til informasjonsmøte i kommunestyresalen på Aukra kommunehus måndag 24. oktober kl. 18-19.

Dato, tid og stad

  • Dato: Måndag 24. oktober 2022
  • Tid: Kl. 18.00-19.00
  • Stad: Aukra kommunehus

Om møtet

- For prosjektering av brua over Kjerringsundet, treng vi å innhente vinddata over ein lengre periode. Det er derfor nødvendig å sette opp ei vindmålingsmast på Aukratangen. Masta vil bli plassert der brua er planlagd bygd. Det fortel prosjektleiar for Fv. 662 Kjerringsundsambandet i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torbjørn Vatnehol.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å gi naboar god informasjon om vindmålingsmasta, og inviterer derfor til eit møte der dei orienterer om dette arbeidet og svarar på spørsmål.

 På møtet deltek prosjektorganisasjonen frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Program

  • Generell status i planlegginga av prosjektet
  • Vindmålingar og oppsetting av mast
  • Dialog om gjennomføringa
  • Spørsmål