Influensavaksine hausten 2024

Aukra kommune skal gjennomføre influensavaksinasjon i veke 43 og veke 44 for innbyggjarar over 65 år og andre risikogrupper. 

Andre innbyggjarar må ta kontakt med apotek eller vente til kommunen er ferdige med dei aktuelle målgruppene.

Kvar skjer vaksineringa?

Også i år vaksinerer vi ein dag i Julsundet og ein dag på Gossen. Vêr merksam når du bestiller time slik at du bestiller på rett stad. Det er ikkje mogleg å bestille legetime på nett. 

  • Vaksinasjon i Julsundet vil bli fredag 25. oktober på Mevoldtunet frå kl 09.00 – 14.00 berre etter avtale.
  • Vaksinasjon på Gossen vil bli tysdag 29. oktober i Kyrkjelydshuset frå kl 09.00 – 15.30, berre etter avtale.

For pasientar i risikogruppe og dei over 65 år som ikkje kan møta på fellesvaksinasjon vil det vere mogleg å bestille time på legekontoret frå 30. oktober 2024. Det vil ikkje vere mogleg å setje opp timar før denne datoen.

For dei utanom risikogruppe og dei under 65 år vil det vera mogleg å bestille time på legekontoret frå 12. november 2024. Det vil ikkje vere mogleg å setje opp timar før denne datoen.

Influensavaksine sett på laboratoriet vil ha ein pris på kr. 200,- uavhengig av frikort eller risikogruppe

Slik bestiller du time

Du kan bestille time på to forskjellige måtar: 

  1. Ring legekontoret på telefonnummer 71 17 14 00 eller til koronatelefonen på telefonnummer 90 69 25 58
  2. Du kan bestille time via nettstaden eller appen til helsenorge.no
    1. Trykk på “Bestill time”, 
    2. Du får spørsmål om å logge deg på med BankID 
    3. Trykk på Vaksine og vêl kor du vil vaksinere deg.
Bilde som illustrerer korleis du loggar deg på HelseNorge - Klikk for stort bilete

Lenke til rettleiar for innlogging med BankID

Kan du få koronavaksinen samtidig?

Vi får ikkje vaksinert med koronavaksine samtidig på Gossen, så dersom du skal ha oppfrisking av ho må du vente minumun ei veke etter influensavaksinasjon eller ta den ei veke før. Det skal ha gått minimum 6 månader sidan siste oppfriskingsdose med koronavaksine. Spør ved vaksinasjon om time.
Kommunen nyttar vaksinen Vaxigrip Tetra som før.

Kva kostar vaksinen?

Årets influensavaksine har ein pris på kr 120,- for personar i risikogrupper og andre målgrupper. Betaling vil vera mogleg med bankkort og vipps både i Kyrkjelydshuset og på Mevoldtunet. Det vil ikkje bli gebyr dersom du får tilsendt faktura.

Kven bør vaksinere seg?

Personar i følgjande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg: 

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimestar). Gravide i 1. trimestar med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år
  • Barn og vaksne med: 
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma),
    • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk),
    • diabetes typa 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

Les meir om influensavaksine på Folkehelseinstituttet (FHI) si nettside. 

Kontakt

Aukra legekontor
Aukraringen 17, 6480 Aukra
Telefon 71 17 14 00
Koronakontakt
Tiili Stamsvik
E-post
Mobil 90 69 25 58

Opningstider

Legekontoret

Kvardagar mellom kl. 08.00 og 16.00