Hugs søknadsfrist for spelemidlar 1. november!Spelemidlar skal bidra til at ein større del av befolkninga får moglegheit til å drive idrett og fysisk aktivitet. Søknadsfrist er 1. november.Kva kan du søkje spelemidlar til?Nye idretts- og friluftsanleggRehabilitering av idretts- og friluftsanleggNærmiljøanleggTurvegar og turløyperSlik søkjer du om spelemidlarFor å kunne søkje, må du få tildelt eit anleggsnummer. Ta kontakt med folkehelsekoordinator i Aukra kommune Tove Charlotte Æsøy for å få eit slikt nummer.Du søkjer om spelemidlar på www.anleggsregisteret.no. Her finn du også meir informasjon om spelemidlar. Det er eit vilkår at anlegget er innarbeidd i kommunedelplan for idrett, aktivitet og friluftsliv.Frist for søknad om spelemidlarSøknadsfrist for søknad om spelemidlar 2024 er 1. november 2024. Publisert 21.10.2024 14.55 Sist endra 21.10.2024 14.56