Historia vår er viktig!

Tysdag 19. november arrangerte ei aktiv og oppegåande sogenemnd eit flott kulturarrangement i Wickssalen. 

Fokuset for arrangementet var vår eiga historie. I løpet av kvelden fekk vi spanande og interessante glimt frå denne historia. 

  • Fortellinga om bondebryllupet på Ægra og trappesnekkaren på Gossen vart formidla levande og nært av Eivind Rød, Ludvik Solem og Karin Breivik. 
  • Du kan lese meir om dette og mykje meir stoff frå historia vår i Aukra gjennom tidene 2023-2024 som også vart lansert denne kvelden. 
  • Ordførar Helge Kjøll jr. markerte i sitt innlegg at det er 100 år sidan (1924-2024) vi fekk namnet Nord Aukra. 
  • Eva Husøy fortalte og levande om historia bak kommunevåpenet vårt. 

Godt oppmøte viser at det er interesse for historia vår.

Avduking av skilt - Klikk for stort bilete
Avduking av skilt - Klikk for stort bilete

Her er utdrag av talen til ordførar Helge Kjøll jr: 

Tale Aukra kommune 100 år: 1924 – 2024

Gratulerer med dagen!
Gratulerer med 100-års jubileet.
Kjekt at så mange har møtt her i dag.

Det er vel ingen som har hørt noko om nokon jubileumskomite eller jubileumsbok.
Nokon har kanskje og tenkt at skal me ikkje slå meir på stortromma enn eit enkelt arrangement i regi av Aukra sogenemnd når kommunen fyller 100 år. Andre har tenkt eller stilt seg spørsmålet er ikkje kommunen meir enn 100 år? Dette kan virke litt forvirrende! Det må me prøve å nøste litt opp i.

Først av alt, så er altså Aukra kommune 187 år – snart 200 år.

I 1987 feira vi Aukra kommune sitt 150 års jubileum – nasjonalt jubileum for formannskapslovene. Aukra kommune vart danna i 1837 i forbindelse med at vi da fekk formannskapslovene, det som førte til det lokale sjølvstyre.

I 1837 bestod kommunane av prestegjelda rundt om i landet. Dette betydde da at Aukra kommune eller Akerø som da var kommunenamnet fram til 1917. Ein storkommunen som bestod av «den gang «gamle Fræna», Julsundet til og med Haukebø,(Mordal var en del av kommunen) Otrøy, del av Midøya, Sandøy og Gossen – 3500 mennesker.

  • 1840 Fræna ut
  • I 1867 ble Sandøy skilt ut som eigen kommune
  • I 1924 ble det resterande området delt inn i Sør Aukra og Nord Aukra

Det siste kommunenstyret i gamle Aukra kommune ble holdt på Aukra Folkehøyskole 12.des. 1923.
Ordførar: Lærar og klokkar Kristain Kristoffersen Småge budde på Horrem. Etter Kristian K Småge har det med undertegna vore 16 ordførarar i Aukra kommune.

Det er dette som er bakgrunnen for dagens 100 års feiring 1924 – 2024 = 100 år.

Grensejusteringer etter 1924:

  • 1964 var det ein kommuneregulering då vart gårdene i området Gauset – Haukebøren lagt til Molde kommune – 77 personer.
  • 1965 ble namnet endret frå Nord Aukra til Aukra, Sør Aukra fikk namnet Midsund
  •  I 2020 ble Orten i gamle Sandøy kommune lagt til Aukra
  • I 2025 kan Ona, Sandøy og Gåssøya bli ein del av kommunen

Både frå starten i 1937 og frå delinga i 1924 har det vore ei enorm utvikling i kommunen vår. Kven av dei som satt i kommunestyret i 1924 og som den gang var med på gi konsesjon til anlegg og drift av kvalstasjon hadde tanker om at samme området i 1997 var anlegg for Nord Europas største industriutbygging, Ormen Lange og gassanlegget på Nyhamna.

I 1947 var netto driftsutgifter på 184 178 kr, i 1987 var netto driftsutgifter på 32 541 093 kr og i 2024 var netto driftsutgifter på 581 mill NOK

Utviklinga og framtida til kommunen vår er vanskeleg å spå , men held vi fast ved det som ligg i symbolikken til dei to ringane i kommunevåpen vårt(kommunestyret 1986 og godkjent ved Kgl res. I 1987) som er samarbeid, truskap og kjærleik og samtidig ha evnen til å opne opp for andre, ta inn nye impulsar bør framtida absolutt sjå lys ut.

Utviklinga er avhengig av folket som bur i kommunen, det er vi som no er folket, så vi kan ønske kvarandre lykke til med å forme framtida og ikkje minst gratulere kvarandre med 100 års jubileet ein kommune som altså er 187 år. Om 13 år blir det 200 års jubileum og kjempefest her i Wicksalen.