Har du utkledningsklede som du ikkje treng lenger? Barnebo barnehage tek gjerne imot!

Barnebo barnehage ønskjer å fornye utkledningskleda til karnevaldagane sine. Dersom du har noko som du kan tenke deg å donere til barnehagen, blir dei veldig glad. 

Døme på utstyr

  • Fargerike klede
  • Store smykke i plast
  • Kostyme (ønske om dyr)
  • Skjørt, kjolar, sko
  • Hanskar, hattar, sjal
  • Solbriller, vesker, hjelmar eller liknande

Kvar og når kan eg levere utstyret?

Du kan levere utstyret på Barnebo barnehagen, gjerne innan 15. februar.

Har du ikkje moglegheit til å levere til barnehagen, kan du ta kontakt med dei og avtale henting heime hos deg.

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Barnebo barnehage.