Gratis energianalyse av bustaden din

No får alle innbyggjarar i Aukra kommune gratis tilgang til energiportalen.no

Energianalyse på nett

Verktøyet Energiportalen gjer det mogleg med objektiv nettbasert energianalyse av bustaden din. Gå til energiportalen.no og søk opp din bustad. Du får rettleiing på portalen korleis du må gå fram.

Søk opp bustaden din på energiportalen.no

Kvifor skal eg bruke energiportalen?

Energiportalen viser blant anna kor mykje du kan spare på straumrekninga di og gi deg tips og råd om korleis du kan redusere energibruken i heimen din.

Tilbodet er ein del av arbeidet til kommunen med klima og energi, og skal bidra til kunnskapsbygging og legge til rette for at innbyggjarar skal kunne ta klimavenlege val. 

Kor lenge er tilbodet tilgjengeleg?

Energiportalen er tilgjengeleg til september 2024. 

Kampanjen er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og er levert i samarbeid med kommunane i fylket. Energiportalen er levert av Simenergi AS.