Gassco si anke i saka mot Aukra kommune vert ikkje tillaten fremja i Høgsterett

Gassco og Aukra kommune har dei siste åra hatt ein pågåande tvist om eigedomsskatten. Denne starta med at Gassco klaga på utmålinga av takstgrunnlaget tilbake i 2018. Seinare stemna dei kommunen for retten. 

Gassco var ikkje samd i kommunen sine vurderingar på følgjande punkt: 

  • Fordeling av direkte og indirekte kostnader
  • Påslaget på indirekte kostnader
  • Frådraget for «arbeid i varmt anlegg»
  • Kostnader til test og igangkøyring
  • Kostnader til byggjelånrenter/finansieringskostnad
  • Val av indeks
  • Levetid (frådrag for slit og elde)

Om Gassco hadde fått fullt medhald måtta Aukra kommune betalt tilbake delar av eigedomsskatten tilbake frå 2018 og framover, anslått til 300 millionar kroner.

Tapte i både tingretten og lagmannsretten

Rettssaka gjekk i tingretten i to veker hausten 2023, og Gassco tapte på alle punkta. Gassco anka tingretten si avgjerd til lagmannsretten, men forlét då punktet om indeks. 

Partane møttest på nytt i lagmannsretten hausten 2024. Dommen frå lagmannsretten kom rett før jul. Også denne gongen tapte Gassco på alle punkta. 

Gassco valde å anke lagmannsretten sin dom til Høgsterett. Anken gjaldt rettsbruken til lagmannsretten, under dette den generelle lovtolkinga, som låg til grunn for vurderinga av:

  • Kva som inngår i såkalla "direkte" og "indirekte" kostnader
  • Vurderinga av om byggjelånrenter skal leggjast til skattegrunnlaget
  • Om kostnader til testing og igangkøyring skal inngå i skattegrunnlaget 
  • Vurderinga av frådrag for slit og elde

Dei andre delane av domen vart ikkje anka. 

Saka vert ikkje tillaten fremja i Høgstrett

Det er med glede og lette at Aukra kommune no har fått beskjed om at Høgsterett sitt ankeutval har vedteke at anken ikkje blir tillaten fremja for Høgsterett. Ein anke til Høgsterett kan ikkje fremjast utan samtykke frå ankeutvalet. Utvalet kan berre gi samtykke når anken gjeld spørsmål som har noko å seie utanfor den føreliggjande saka, eller det av andre grunnar er særleg viktig å få saka avgjort i Høgsterett, jf. tvistelova § 30-4. 

Ankeutvalet si avgjerd var einstemmig.

Gassco er dømd til å betale alle saksomkostningar Aukra kommune har hatt i tingretten, lagmannsretten og ankeutvalet. 

 “Ei betre melding rett inn i påskeferien kunne vi vel ikkje fått.”

“Det er heilt fantastisk at vi no kan avslutte denne saka”, seier ordførar Helge Kjøll jr.  “Eg har følgd saka i tingretten og lagmannsretten og kjent på at vi hadde ei god sak.  Sjølv om eg trudde det ville gå vår veg har eg likevel kjend på ei usikkerheit. Det er veldig godt å få denne usikkerheita rydda heilt bort no. Ei betre melding rett inn i påskeferien kunne vi vel ikkje fått! Vi er takksame for hjelpa vi har fått undervegs frå våre dyktige advokatar Lund & Co; Caroline Lund og Silje Aga Rogan. ”

“Gassco har stilt alvorlege spørsmål ved Aukra kommune sin forståing av lovverket rundt eigedomsskatten, og vore særs kritisk til det skjønnet som er utøvd i denne saka”, seier kommunedirektør Gerd Marit Langøy. “No har vi fått det endelege svaret. Kommunen sitt eigedomsskattekontor, vår innleigde takstmann, kommunen sin sakkunnig nemnd og klagenemnd for eigedomsskattesaker har alle forstått lovverket rett og utøvd eit godt og veloverveid skjønn. Som kommunedirektør er eg umåteleg stolt over den jobben som er lagt ned i kommunen. Dommane og grunngivingane i kvar rettsinstans kunne ikkje gitt denne jobben eit betre skotsmål.”

Kontakt

Ordførar Helge Kjøll jr

Kommunedirektør Gerd Marit Langøy