Foreldrekurs på Barnebo barnehage vinteren 2026 - TrygghetssirkelenKurstilbodet for foreldre i Circle of Security (COS-P) startar opp igjen januar 2026. Kurset går i regi av Barnebo barnehage.Om kursetKurset er gruppebasert og går over seks kveldar. Kvar kurskveld vil vare i ca. 1,5-2 timar.Alle kan melde seg på - barnehage ønskjer at begge foreldre deltek, men dersom det ikkje er mogleg, kan ein av foreldre melde seg på.For å få fullt utbytte av kurset bør du møte opp alle seks kveldane. Ved sjukdom eller anna fråvær vert det ein kort gjennomgang i forkant av kurskvelden veka etter, då bolkane byggjer på kvarandre. Kva er Trygghetssirkelen/COS-P?Trygghetssirkelen/Circle of security-parenting (COS-P) Tryggleik er viktig for at barn skal trivast og utvikle seg. Men korleis vert tryggleik utvikla ? Korleis påverkar barnet meg, og eg barnet? Korleis kan eg bli meir bevisst i foreldrerolla mi, forstå kva behov barnet signaliserer, og møte det på ein god måte slik at barnet får ei trygg tilknyting. Målet er at barna skal få hjelp til å kjenne seg trygge, få betre sjølvkjensle og betre psykisk helse. På den måten kan dei stå sterkare rusta til å møte utfordringane i liva sine. COS-P er basert på over 50 års forsking på kva som gjev barn ei trygg tilknyting til sine næraste omsorgspersonar. Sirkelen hjelper oss å forstå barnets behov, og kva for støtte og hjelp dei treng. På kurset vil de blant anna lære meir om tryggleikssirkelen og vegen til tryggleik, barnet sitt behov rundt tryggleikssirkelen, om å vere saman med barnet på sirkelen, utforske det vi strevar med, og brudd og reparasjon. Kva kostar kurset?Kurset er gratis. Kursdatoar vinteren 2026Kurset går over seks onsdagar mellom kl. 18.00 - 20.00 slik: 14. januar21. januar28. januar04. februar11. februar18. februarKurstadKurset vert halde i salen på Aukratun.Påmelding kurs vinteren 2026Alle kan melde seg på. Vi ønskjer at begge foreldre deltek, men er dette ikkje mogleg kan ein av forledra melde seg på. I påmeldinga skriv du namnet til den/dei som skal delta. Det er bindande påmelding. Påmeldingsfrist er søndag 4. januar 2026.Meld deg på kurset ved å sende ein e-post til Heidi Ilestad til heidi.ilestad@aukra.kommune.noHar du spørsmål?Har du spørsmål om kurset, kan du ta kontakt med pedagogisk leiar Heidi M. Ilestad.Ta kontakt med HeidiMeir informasjon Erfaringar frå tidlegare kursHer er nokre sitata frå foreldre som har vært på kurs tidlegare år:«Eg har alltid steila når nokon har ville prakka på meg eit kurs, men dette har vore ekstremt bra for papparolla mi. Eg ser også at eg og partneren min samhandler på ein heilt anna måte enn før med denne felles forståinga!» Pappa, 37 år«Følelser er ikkje lenger like farleg for meg, og eg har lært nye måtar å møte dei på!» Mamma, 28 år«Folk går på valpekurs, så kvifor ikkje foreldrekurs?» Barnehageleiar «Dette burde vore obligatorisk i foreldrerolla.» Pappa, 32 år «Skulle ønske nokon tilbaud meg dette før». Mamma, 35 år «Dette burde foreldra mine også tatt då eg var barn!» Mamma, 46 år Meir om TrygghetssirkelenLes meir om Trygghetssirkelen ved å følgje lenkene nedanfor.Trygghetssirkelen si heimeside (engelsk)Tilknytningspsykologane si heimesideSjå video om kva COS-P er Publisert 23.12.2025 13:37 Sist endra 02.11.2026 14:03