Ekstremvêret Ingunn

Oppdatert informasjon 01.02.2024

«Ingunn» har forlatt oss og trekt nordover. Sjølv om det er meldt dårleg vêr dei neste dagane så er dei tidlegare farevarsla raudt og deretter oransje ikkje lenger gjeldande. Tidlegare råd/tiltak som mellom anna heimekontor, stenging av fritidsaktivitetar kan såleis opphevast.

 

Tidlegare publiserte meldingar (ikkje lenger gjeldande):

Aukra kommune støttar seg på prognose frå Meterologisk institutt der farevarsel er nedjustert frå raudt til oransje. Frå torsdag kl 04 er farevarselet ytterlegare nedjustert. 

Skole- og barnehage vil halde opent torsdag. Basert på vêrvarselet frå Meteorologisk institutt er det gjort vurderingar som tilseier at det vil gå normal skoleskyss i Møre og Romsdal frå torsdag morgon.

Kriseleiinga vil følgje og vurdere situasjonen vidare gjennom døgnet.

 

Oppdatert informasjon per 31.01.2024 kl. 10.00

Aukra kommune si kriseleiing er satt i beredskap og følgjer utviklinga nøye. Ved behov vil det komme ny informasjon. Følg med på kommunen si heimeside. 

Kommunen skal delta i møte med Statsforvaltaren i løpet av onsdag og vil publisere ny informasjon i etterkant av dette møtet. 

Her kan du sjå oppdaterte meldingar frå Meterologisk institutt

 

Informasjon publisert tysdag 30.01.2024:

Det er varsla ekstremt kraftige vindkast (raudt nivå) for ytre strok i Møre og Romsdal. Frå onsdag ettermiddag til torsdag morgon kan det ventast orkan på kysten. Etter møte med Statsforvaltar i dag er alle kommunar og aktørar innan veg, straum og infrastruktur satt i beredskap.

Aukra kommune har satt krisestab og satt  teknisk sektor, skole, barnehage og heimetenesta i beredskap.

Aukra kommune gir følgjande råd:

  • Dei som kan ta heimekontor bør gjere det
  • Heimetenesten vil halde kontakt med sine brukarar
  • Dagsenter vert stengt onsdag, truleg også torsdag
  • All aktivitet på dag og kveld i lag og foreninger onsdag og torsdag morgen bør ikkje gjennomførast
  • Skole og barnehage og SFO vil vere opne onsdag.  Kriseleiinga vil følgje utviklinga gjennom onsdagen og vurdere eventuelle nye tiltak i høve torsdag. 

Myndigheitene anbefaler at dei som er i området:

  • Følgjer råd frå beredskapsmyndigheiter
  • Følgjer råd frå Statens Vegvesen og sjekkar vegmeldingar (175.no) dersom du MÅ kjøyre
  • Følg råd og sjekk status frå transportaktørar
  • Gjer heimen din klar for eit potensielt lengre straumbrot
  • Ver forsiktig ved ferdsel i strandsona og på sjøen
  • På førehand vurdere tiltak for å avgrense skade

Aukra kommune ber alle følgje utviklinga gjennom kommunen si heimeside, media og aktuelle offentlege aktørar som statsforvaltar sine heimeside. 

Vi ber alle vere merksam og ta i vare seg og sine.