Eigenberedskapsveka 2023: Er du førebudd om det skulle skje noko?

 Øving, øving, øving: Sjekk eigenberedskapen din. 

Tema for årets utgåve av Eigenberedskapsveka er “ØVING". 

Vi oppfordrar alle innbyggjarar til å øve og ta nødvendige grep for å styrkje eigenberedskapen. 

Eigenberedskapsveka 2023 blir gjennomført 30. oktober til 5. november.

Er du førebudd om det skulle skje noko?

Øving gjer meister, lyder eit gammalt uttrykk. Det er det mykje sant i. Det er lettare å handtera til dømes langvarig straumbrot og vassmangel viss du på førehand  har tenkt på at det kan skje – og er litt førebudd på kva du skal gjera.

Denne øvinga kan gjera deg meir medvite på eigen risiko og sårbarheit, og hjelpa deg å finna ut korleis din eigen beredskap kan bli betre. Ta utgangspunkt i din situasjon, og diskuter gjerne med familie, venner eller naboar.

Nedanfor følgjer fire ulike filmar om øving: 

Blanca og Timian - teikneserie om eigenberedskap - Klikk for stort bilete

 

Les meir om eigenberedskapsveka

Har du det du treng for å klare deg sjølv i tre dagar?

Du har truleg allereie mykje av det du treng for å klare deg sjølv i tre dagar, så ofte er det ikkje så mykje som skal til for at du og dine nærmaste blir litt betre førebudd.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Her finn du mellom anna døme på ting du bør ha i beredskapslageret heime for å klare deg i minst tre døgn.

Eksempel på beredskapslager per person

​​​​​​​
  • 9 liter vatn 
  • to pakkar knekkebrød
  • ei pakke havregryn
  • tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat
  • tre boksar pålegg med lang lagringsevne
  • nokre posar med tørka frukt eller nøtter, kjeks, sjokolade
  • medisinar du er avhengig av
  • ved-, gass- eller parafinomn til oppvarming
  • grill- eller kokeapparat som går på gass
  • stearinlys, lommelykt med batteri, eller parafinlampe
  • fyrstikkar eller lighter
  • varme klede, pledd og sovepose
  • førstehjelpspakke
  • batteridreven DAB-radio
  • batteri, lad batteribank og mobilladar til bilen
  • våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
  • tørke- og toalettpapir
  • litt kontantar
  • ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/raudsprit til oppvarming og matlaging
  • jodtablettar ved atomhendingar

Du er ein del av beredskapen i Noreg

Sjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.

Eigenberedskapsveka blir arrangert av DSB i samarbeid med kommunar over heile landet.