Sjekkliste for eigenberedskap
DSB har laga ei sjekkliste du kan bruke for å planlegge eigenberedskapen din. I sjekklista finn du døme på ting som er lurt å ha heime. Du bør gå gjennom behova dine, og vurdere kva løysingar som er moglege der du bur. Husk at familie, venner og naboar kan samarbeide om eigenberedskap.
Gå gjennom det du har i skap, bod, kjellar og garasje, og kryss av på sjekklista medan du held oversikt over ting som kan vere nyttige i ein krise. Du treng ikkje ordne alt med ein gong. Dei fleste brukar tid på å byggje opp eit godt lager.
Dei to aller viktigaste tinga du bør ha er:
- Drikkevatn – vi tilrår om lag 20 liter per person
- Ein plan for å halde varmen dersom straumen går
Sjekk lageret ditt med jamne mellomrom og bytt ut varene som går ut på dato.
Sjekkliste for eigenberedskap finn du på DSB si nettside (lenke).