Bli med på Havfrua Nordvest 2024

Havfrua Nordvest 2024 er ein leir for jenter som vil vite meir om moglegheitane i blå næring.

Det er i dag lite likestilling innan fiskeri og andre delar av blå næring. Havfrua Nordvest 2024 er eit prosjekt frå Nordmøre Fiskebåt som vil vise jenter ulike bedrifter og stillingar som finst innan blå næring. Prosjektet er delvis finansiert av midlar frå Nærings- og Fiskeridepartementet, som har ei satsing på auka likestilling innan næringa.

Kven kan delta?

Jenter frå 9. og 10. klasse og vidaregåande skole - hovudsakleg frå kommunane Aukra, Hustadvika og Averøy. Du treng ingen forkunnskap om blå næring, berre vere interessert i å vite meir om næringa.

Kor er leiren og kva skal vi gjere?

I kommunane Averøy, Hustadvika og Aukra og eit besøk i Molde. 

Overnatting på Hustadvika Havhotell.

Endeleg program vert lagt ut på Nordmøre Fiskebåt si heimeside, når det er avklart. Men i alle fall skal deltakarane besøke:

  • Ole Løvold AS på Averøy, lokalt fiskemottak og vidareforedlingsbedrift
  • Salmon Evolution, landbasert oppdrettsselskap i Hustadvika
  • Salmon Center, visningssenter og tur ut på merdane i Molde
  • Campus Kristiansund (9. november, på felles samling med Leir NORD), der mange aktørar som til dømes fagskolen og høgskolen er samla

Du vil få vite meir om arbeidsområda og kva for ein utdanning du treng. Nokre stadar vil du også kunne teste ut nokre arbeidsoppgåver.

Når er leiren?

Leiren vil vere i hausteferie, måndag 7. oktober til tysdag 8. oktober - med overnatting på Hustadvika Havhotell.

Laurdag 9. november blir det besøk på Campus i Kristiansund og felles måltid med Leir NORD, med jenter frå Kristiansund, Aure og Smøla kommunar.

Kva kostar det?

Leiren er gratis. Nordmøre Fiskebåt dekker alle kostnadar med mat, transport og overnatting. Ta med litt lommepengar i tilfelle du vil kjøpe noko anna.

Korleis kan eg melde meg på?

  • Alle som vil delta, sender ein enkel søknad gjennom skjemaet på nettsida til Nordmøre Fiskebåt
  • Du må søkje om plass i Leir SØR
  • Det er tolv plassar i leiren
  • Frist for å søkje er måndag 30. september 2024
  • Du får svar innan 2. oktober 2024

Send inn din søknad til Havfrue Nordvest 2024