Aukra kulturhus feirar 1 år

Tenk at det snart har gått eit år sidan Aukra kulturhus vart opna! Dette vil vi markere med bursdagsfeiring 3. september kl. 13–16.

Det er også "Kom deg ut-dagen" same dag og vi håpar store og små tek turen til Aukra kulturhus for ei trivelig stund saman. Vi satsar på fint septembervêr, så vi kan nytte det flotte uteområdet til grilling og aktivitetar. Det vil også vere aktivitetar og sitteplassar inne i kulturhuset. 

Program

  • Kafé med sal av kake, kaffi og drikke.
  • Grilling utanfor hovudinngangen, ta med eigen grillmat og kom! 
  • Leikar, aktivitetar og rebus. Tweens Zone Gossen stiller med ungdommar frå 9. trinn som vil arrangere aktivitetar som stigegolf, ringspill, tautrekking med meir.
  • Svømmekonkurransar i bassenget.
  • TARE kjem kl. 13
  • Sparebanken Møre spanderer pølse med brød
  • Kino: kl. 17 Elemental, kl. 19 Barbie. 

 
Velkommen til bursdagsfeiring!