Aukra kommune har starta samarbeidet med Freysta

Målet med Freysta er å gjere det enklare for folk i Noreg og ute i verda å finne fram til draumebygda.

Aukra skal synleggjerast på den første norske søkbare bygdeportalen Freysta (link - Villages of Norway | Freysta).

-Vi meiner at Gossen, Orta og Julsundet har utruleg mykje flott å by på - både storslegen natur, flott dugnadsånd og engasjerte innbyggjarar, framifrå offentlege tenester og jobbmoglegheiter. Slike perler fortener å skine, seier dagleg leiar i Freysta, Marion Solheim.

Denne veka er det Aukra som er «Village of the Week» på Freysta. Her kan du lese presentasjonen av bygda (link: Aukra (freysta.com))

Målet med Freysta er å gjere det enklare for folk i Noreg og ute i verda å finne fram til draumebygda. Det primære målet er auka tilflytting til distrikta, men det er også eit nyttig verkty for dei som vil på tur og sjå nye plassar.  

-Det gjev meining for oss å lage ein søkbar portal for bygde-Noreg. Det er litt som Tinder og litt som Finn.no. Eller for å ta eit døme, no er det mange som skal bestille hotell. Men ein veit jo ikkje namnet på hotellet, ein veit kva ein treng og har lyst på og får opp dei beste resultata. Slik er det med Freysta også, folk veit om dei treng barnehage eller likar fiske, skogsturar eller alpin. Då kan du søke deg fram på Freysta. Det blir også viktig for oss å fronte det lokale næringslivet, seier Marion.

-Det har vore veldig kjekt og gjevande jobbe saman med Aukra kommune. Vi har heilt klart det same målet – sprell levande bygder, avsluttar ho. 

Marion Solheim - Klikk for stort bilete Freysta

 

Lenke til Aukra kommune si side