Aukra kommune er kåra til den beste styrte kommunen“Best styrte kommunar byggjer på ein kombinasjon av evna til å levere tenester med god kvalitet, låge kostnader og utan at det går utover den finansielle balansen til kommunen”Under Arendalsuka vart rapport om økonomistyring og tenestekvalitet i norske kommunar presentert. Rapporten frå Agenda Kaupang viser økonomistyring og tenestekvalitet i norske kommunar, og er utarbeidd på oppdrag frå Storebrand. I følgje Agenda Kaupang sin rapport, vart Aukra kommune kåra til den best styrte kommunen i landet. Nedanfor følgjer eit par sitat frå presentasjonen: “Er det sånn at det er dei rike som får til kvalitet?” Det er ingen samanheng mellom kostnadsnivå og tenestekvalitet, i følgje Agenda Kapuang sin rapport. Det er andre faktorar som slår inn enn kor mange pengar kommunane bruker. “Aukra, til dømes, med dei store inntektene sine og veldig gode finansar, klarer å halda igjen”, seier Agenda Kaupang. Det skal sterk rygg til å bera gode tider, blir det sagt, og her har Aukra klart å setja av pengar til framtida".Du kan sjå presentasjonen frå Arendalsuka ved å klikke på denne lenka. Publisert 14.08.2024 12.42 Sist endra 17.09.2024 10.46