Vassmålar

Som hushaldsabonnent kan du velje om forbruksgebyret for vatn og avløp skal bereknas og betalas etter bustadareal, eller betalas etter målt (faktisk) forbruk. Næringseigedomar pliktar å betale etter målt forbruk.

Aukra kommune kan hjelpe dykk med vurdering av gebyralternativa. Vi kan også gje råd til din røyrleggar ved spørsmål av teknisk karakter.

Installasjon av vassmålar

Dersom du, som huseigar, ønsker å installere vassmålar, tek du kontakt med ein røyrleggar som vil hjelpe deg vidare. Huseigaren betalar for arbeidet med installasjon av vassmålaren.

Kommunen eig vassmålaren og den blir leigt ut for eit årleg beløp som går fram av gebyrregulativet. Kostnaden med installering vil variere frå hus til hus og vi tilrår at du får eit prisoverslag frå ein røyrleggar. Næringseigedomane er pålagde å ha vassmålar og kostar sjølv kjøp og installering av dette.

Ved feil på private vassmålarar, vil den bli skifta av oss.

Målaravlesing

Ved målt forbruk baserer Aukra kommune seg på kundens årlege tilbakemelding om målarstand. Vassmålarskjema sendes ut i desember med 2. januar som innleveringsfrist.

Kunden får eit avlesingskort per vassmålar. Alle som har fått kort for avlesing av vassmålarar, må skrive inn målarstanden på kortet og returnere dette til Aukra kommune.

Leige av vassmålar

Gebyrsatsar vatn og avløp

Gebyrsatsar vatn og avløp
Gebyr Eining Sats 2024 Merknad
1000 Tilknytningsavgift vatn Pris kr      13 038,00 Kommunal deflator 4,3%, 2024
1100 Tilknytningsavgift kloakk Pris kr      13 038,00 Kommunal deflator 4,3%, 2024
300 Abonnementsgebyr vatn Pris kr        3 195,00
301 Forbruksgebyr vatn Pris kr per m3              12,75
400 Abonnementsgebyr kloakk Pris kr        2 534,00
401 Forbruksgebyr kloakk Pris kr per m3              16,23
890 Liten vassmålar Leigepris per år kr            313,00 Kommunal deflator 2024 4,3%
891 Middels vassmålar Leigepris per år kr            391,00 Kommunal deflator 4,3%
892 Stor vassmålar Leigepris per år kr            782,00 Kommunal deflator 4,3%
Årsgebyr kloakk Pris ved 180 m³ årleg forbruk kr        5 454,00
Årsgebyr vatn Pris ved 180 m³ årleg forbruk kr        5 490,00

Kontakt

Gerd Nerbø
Teknisk sjef
E-post
Mobil 97 18 16 69
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30