Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Frosne røyr

Kaldt ver kan skape problem for huseigarar når vassleidninga frys. Her er nokon enkle tips for å unngå dette og litt om kva ein må gjere om leidninga allereie er frosen.

  • Vassleidninga kjem vanlegvis inn i huset i kjellaren, pass difor på å lukke igjen kjellardører og vindauge når temperaturen ute synker. Dersom det er opningar, gliper eller liknande så dytt isolasjonsmateriale inn i desse.
  • Når vatn frys aukar volumet med ca 10 %, og i lukkede røyrleidningar vil dette føre til skader på røyra.
  • Har du ein uisolert kjellar kan det løne seg å sette ein varmeovn der vatnet er i dei kaldaste periodane.

Det kan vere både vanskeleg og dyrt å tine opp frosne røyr, så det løner seg fort å vere føre var.

Slik unngår du frostskadar

  • Ved lengre fråver bør stoppekrana stengast.
  • Frostveske i vasslåsar hindrer frostsprenging og fordamping (tomme vasslåsar fører til at kloakkgass kan sive inn i huset).
  • Unngå at kald luft siger inn i rom med røyrleidningar.

Slik tiner du eit frose røyr

  • Skru av hovedstoppekrana.
  • Bruk ein hårtørkar eller vifteomn. Ver merksam på brannfaren ved bruk av konsentrert varme.
  • Eit anna alternativ er å knytte eit handkle rundt den frosne staden. Handkleet tilførast varmt vatn.
  • Open eld er ikkje tillatte.

Kjelde: SINTEF/Byggforsk

Kontakt

Torstein Andreas Engstad
Prosjektleiar
E-post
Mobil 48 88 41 77
Vakttelefon kommunalteknisk drift
Mobil 91 51 67 40
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30