DrikkevatnAukra kommune skal sikre levering av tilstrekkelege mengde reint vatn frå kommunens vassforsyningssystem.Drikkevatn skal vere hygienisk tryggjande, klart og utan framtreande lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innehalde fysiske, kjemiske eller biologiske komponentar som kan medføre fare for helseskade i vanleg bruk.Ved driftsbrotAukra kommune skal sikre forsyning av vatn fram til brukaren. Kommunen skal varsle brukaren om planlagde driftsavbrot og forhold som påverkar drikkevasskvaliteten, for eksempel reinsing/spyling av leidningsnettet. Sjå annonse i presse mv.VassmangelKommunen kan gje restriksjonar for bruk av vatn ved vassmangel.Om naudsituasjonar (katastrofar mv.) gjer det naudsynt å gjere unntak frå krava til kvalitet, vil brukarar og næringsverksemder bli informerte om situasjonen og kor lenge den midlertidige/provisoriske vassforsyninga vil vare.VasskvalitetI Aukra kommune er vatnet blautt og ligg på kring 1 på den tyske hardhetsskalaen. Det betyr at det er omtrent 1 milligram kalsiumoksid i 100 milliliter vatn og du treng ikkje tilsetje salt i oppvaskmaskina.PH-verdien ute på nettet ligg på om lag 7, altså pH-nøytralt. I drikkevatnsforskrifta står det at tiltaksgrenser for pH er under 6,5 og over 9,5. Vatnet skal ikkje vere tærande.Område utan kommunal vassforsyningI område utan kommunal vassforsyning må bebuarar, næringsliv osv etablere eiga ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gje byggeløyve utan at det ligg føre tilfredsstillande vatn- og avløpsløysing. Publisert 20.08.2018 08.50 Sist endra 19.09.2024 13.41