Spekter Digital Spekter digital er eit ikkje-anonymt kartleggingsverktøy som kan brukast i skolen for å jobbe med å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane. Verktøyet blir brukt som ein del av arbeidet med å lage gode relasjonar og for å skape eit godt miljø for elevane. Resultatet frå undersøkinga kan gi informasjon om einsemnd, vennskap, uro og inkludering i klassa. Korleis bruke Spekter Digital? Skolen bruker Spekter Digital for å sikre eleven si stemme. Gjennom undersøkinga får dei vaksne på skolen kunnskap om både elevane sine syn på eigen trivsel, samt informasjon om miljøet i elevgruppa. Verktøyet blir brukt til å identifisere og setje inn målretta tiltak i ei klasse/eit trinn, eller på heile skolen.Spekter Digital gir læraren overblikk over og innsikt i elevane sin trivsel på skolen. Resultata blir fylgt opp etter behov, med til dømes individuelle samtalar, fleire undersøkingar, dialog med foreldre eller andre tiltak.Spekter Digital kan brukast som forebygging, eller i ei konkret sak. Frivilleg å delta Det er frivillig for elevane å gjennomføra undersøkinga, men kommunen oppfordrar elevane til å delta. Elevane kan hoppe over dei spørsmåla dei ønskjer. Det får ingen konsekvensar for elevar som ikkje svarer på heile eller deler av undersøkinga. Lover og retningsliner OpplæringslovaIkkje-anonyme undersøkingar i høve til læringsmiljøet er forankra i opplæringslova §§ 12-3, 12-4 og 12-5, opplæringsforskrifta § 20-5:Skolane kan bruke ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar som ein del av det førebyggjande skolemiljøarbeidet etter Opplæringslova § 12-3 i tilfelle der slike undersøkingar er hensiktsmessige for å kartleggje læringsmiljøet, finne eigna tiltak for å forbetre relasjonar og sikre alle elevar eit trygt og godt skolemiljø.Skolane kan bruke ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar i oppfølginga av ein konkret mistanke etter Opplæringslova § 12-4 og Opplæringslova § 12-5 ved langvarige, uoversiktlege eller kompliserte utfordringar i skolemiljøet, der andre måtar å undersøke på ikkje har ført fram.Ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar må gjennomførast slik at dei i minst mogleg grad grip inn i personvernet til elevane. Undersøkingar etter første ledd kan berre omfatte spørsmål om negative relasjonar der enkeltelevar ikkje kan bli namngitte. Skolane skal på eigna måte kontrollere om opplysningane er rette før desse blir lagt til grunn for val av tiltak. Rettsleg behandlingsgrunnlag etter personvernforordningaRettsleg grunnlag for behandling av personopplysningane er personvernforordningens artikkel 6-1 b. Personopplysningar om eleven i Spekter Kva for personopplysningar finnst om deg i Spekter Digital?I Spekter Digital vil det vere personopplysningar om kven eleven er og kva for skole/gruppe eleven går i, og svara til elevane på undersøkinga. Følgjande personopplysningar blir samla inn: E-postNamnFEIDE-brukarnamnTelefonnummerTilknytningKven har tilgang til elevene sine personopplysningar i Spekter Digital?Kontaktlærar vil kunne sjå elevsvara frå si gruppe/klasse. På kvar skole er det også minst to skoleadministratorar som har tilgang til å sjå alle elevane, gruppene og undersøkingane på sin skole.Kontaktlærar, teamet på trinnet og leiinga ved skolen vil kunne sjå svaret ditt på undersøkinga i Spekter. Innsyn vil berre vere mogleg ei kort tid, fordi elevsvar i Spekter Digital skal brukast til å få oversikt over skolemiljøet, og skolen har ikkje behov for å oppbevare svara lenge.Viser undersøkinga at skolemiljøet må følgjast meir opp, vil eleven og foreldra få informasjon og blir involvert tett i prosessen.Korleis handsame elevane sine personopplysningar etter undersøkinga?Resultata vert lagra i Spekter til juli månad det året elevane er ferdige med grunnskolen. I enkelte saker vert noko informasjon lagra i eleven si mappe i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Eleven sin rett til å bli høyrd Svar på undersøkinga gir uttrykk for eleven si meining om seg sjølv og sitt skolemiljø. Andre elevar og deira foreldre kan ikkje krevje å sjå andre elevar sitt svar. Men om du seier noko om andre elevar, kan det likevel vere at skolen vil følgje opp dette. Eleven sine rettar Den registrerte (eleven) har mellom anna rett til: innsyn i eigne personopplysningar, å få endra feilaktige opplysningar, å få sletta opplysningar, å få avgrensa opplysningar, dataportabilitet, og komme med innvending mot behandlinga av personopplysningane, tilbakekalling av evt. samtykke og rett til å klage til Datatilsynet. Dette er regulert i den behandlingsansvarlege (kommunen) si personvernerklæring. Publisert 23.11.2023 13.39 Sist endra 10.09.2024 14.55