Informasjon om overføring av opplysningar når ein elev startar på ny skole

Målet med overføring av opplysningar frå ein skole til den nye skolen er å sikre ein best mogleg overgang for eleven.

Kort om overføringa

I overgangen mellom skolar ønsker skoleeigar å leggje til rette for ein best mogleg overgang ved å dele opplysningar mellom skolane. I denne artikkelen finn du informasjon om kva opplysingar som blir delt mellom skolane. 

Det er også mogleg å reservere seg mot overføring av opplysningar, eller å samtykke til at berre delar av opplysningar blir overført. Kva opplysningar som krev samtykke, kan du lese meir om nedanfor.

Overgang frå ein skole til ein annan skole

Målet med overføring av opplysingar frå ein skole til den nye skolen er å sikre ein best mogleg overgang for eleven. Formålet med overføring av opplysningar er å:

  • sikre ein god start på ny skole
  • skape eit heilskapleg og samanhengande opplæringsløp for eleven
  • sikre eleven betre tilpassa opplæring og med det betre læringsutbytte
  • overføre nødvendig informasjon til beste for eleven, og den vidare opplæringa til eleven i samarbeid med foreldre

Informert samtykke

Kommunen sine retningslinjer bygger på at føresette skal samtykke til overføring av opplysningar. I overgangen mellom skolar vil føresette bli bedt om å gi eit informert samtykke til at opplysningar om eleven blir delt. Er eleven over 15 år, skal eleven sjølv samtykke. Informert samtykke betyr at den som samtykker er tilstrekkeleg informert om kva opplysningar som blir delt vidare.

Føresette skal vere gjort kjende med følgjande før dei samtykker:

  • Kva type opplysningar som skal delast og kva dei skal brukast til
  • Overføringa omfattar berre personopplysningar som er nødvendige for at skolen skal kunne leggje til rette opplæringa for eleven
  • At samtykke er frivillig, og at ein kan avslå å samtykke utan grunngiving
  • At det ikkje blir fleire opplysningar delte enn det som er nødvendig
  • At ein kan la vere å samtykke til at opplysningar om spesielle forhold skal delast

Begge føresette må samtykke til deling av opplysningar så framt ikkje andre forhold seier noko anna

Eleven sin medverknad

Barn har rett til å bli høyrd i spørsmål som gjeld dei sjølv. Deira meining skal tilleggjast vekt ut frå alder og utvikling. Frå 12 år skal meininga til barnet tilleggjast stor vekt. Barnet skal vere kjent med at opplysningar blir delte og bli gitt høve til å uttale seg.

Kva opplysningar er det aktuelt å dele?

Så langt det er nødvendig til formål som nemnde i opplæringslova § 25-1 andre ledd, kan skolar hente inn opplysningar om elevar og vaksne deltakarar i samband med skolebytte eller bytte av opplæringsstad. 

Følgjande opplysningar kan skolen innhente utan samtykke: 

  • Opplysningar om tidlegare gjennomført opplæring
  • Karakterar som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis
  • Opplysningar om fråvær som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis
  • Kartlegging av elevar med rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova § 3-5 og § 6-5 eller etter privatskolelova § 3-5

Ein skole kan dele dei opplysningane frå vedtak om skolebytte etter opplæringslova § 13-2 som den nye skolen treng for å kunne vareta eleven som blir flytta, og andre elevar på skolen.

Ved overgang til vidaregåande skole kan fylkeskommunen hente inn opplysningar om 

  • Fullført eller ikkje fullført grunnskole
  • Halvårsvurdering med karakterar frå 10. trinn
  • Karakterar som blir førte på vitnemål for grunnskolen
  • Fråvær som blir ført på vitnemål for grunnskolen

Kva opplysningar krev samtykke for å kunne dele?

Føresette eller eleven sjølv må samtykke til at skolen kan dele opplysningar om til dømes helse og straffbare/disiplinære forhold, jamfør personvernforordningen kapittel 9 og 10.  I tekstboksen nedanfor kan du sjå kva opplysningar skolen må innhente samtykke til for å kunne dele med andre: 

Artikkel 9. Behandling av særlige kategorier av personopplysninger

1. Behandling av personopplysninger om rasemessig eller etnisk opprinnelse, politisk oppfatning, religion, filosofisk overbevisning eller fagforeningsmedlemskap, samt behandling av genetiske opplysninger og biometriske opplysninger med det formål å entydig identifisere en fysisk person, helseopplysninger eller opplysninger om en fysisk persons seksuelle forhold eller seksuelle orientering, er forbudt.


2. Nr. 1 får ikke anvendelse dersom et av følgende vilkår er oppfylt:
a.    Den registrerte har gitt uttrykkelig samtykke til behandling av slike personopplysninger for ett eller flere spesifikke formål, unntatt dersom det i unionsretten eller medlemsstatenes nasjonale rett er fastsatt at den registrerte ikke kan oppheve forbudet nevnt i nr. 1.

Les meir om når artikkel 9 nr. 1 ikkje blir gjeldande

Artikkel 10. Behandling av personopplysninger om straffedommer og lovovertredelser

Behandling av personopplysninger om straffedommer og lovovertredelser eller tilknyttede sikkerhetstiltak på grunnlag av artikkel 6 nr. 1 skal bare utføres under en offentlig myndighets kontroll eller dersom behandlingen er tillatt i henhold til unionsretten eller medlemsstatenes nasjonale rett som sikrer nødvendige garantier for de registrertes rettigheter og friheter. Alle omfattende registre over straffedommer må bare føres under en offentlig myndighets kontroll.

Samtykkeskjema

Fyll ut samtykkeskjemaet for overføring av elevopplysningar ved skolebytte

Kontakt

Marianne Bolghaug
Pedagogisk rådgjevar
E-post
Mobil 91 51 01 68
Informasjonssikkerheitsleiar
Aaslaug Søreide
E-post
Telefon 90 08 85 78
Personvernombod
Personvernombodstenesta ved IKA Møre og Romsdal IKS
E-post

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30