Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Byggegrense langs kommunal veg

Søknad om dispensasjon frå byggjegrense langs veg

Søknad om dispensasjon frå byggjegrense langs kommunal veg skal skildre noverande forhold og tiltaket det blir søkt løyve for. Søknaden sender du til Aukra kommune.

Søknad om dispensasjon skal innehalde:

  • Eit situasjonskart i M 1:250 eller 1:500 
  • Avstand mellom planlagt bygg (inkl. eventuelt utstikk frå tak og asfalterte vegkant)
  • Avstandane skal målsetjast på kartet

Skildring av tiltaket med informasjon om:

  • Kva som skal byggjast/blir endra 
  • Konsekvensar i forhold til vegen (tryggleik og driftseffektivitet)

Ta kontakt med ein saksbehandlar om du har spørsmål.

Kontakt

Torstein Andreas Engstad
Prosjektleiar
E-post
Mobil 48 88 41 77
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Kart