Samanslåing av eigedomarHovudregelen for samanslåing av eigedomar er at eigedomane grensar til kvarandre. Samanslåing kan ikkje gjennomførast dersom den vil føre til prioritetskollisjon mellom panthavarar. Prioritetskollisjon oppstår når eigedomar har ulike tinglyste pengehefte for eksempel lån i ulike banker der bankane har ulik prioritet. Ved samanslåing blir panterett utvida til heile den samanslåtta eigedom eller festerett. Kven kan søkje om samanslåing? Eigar av eigedomen (heimelshavar) kan søke om samanslåing. Slik søkjer du om samanslåing Fyll ut søknadsskjemaet Krav om samanslåing. Saman med søknadsskjemaet, må du leggje ved: kart frå matrikkelen over grenser og grensemerke for dei matrikkeleiningane eller grensestrekningane som saka gjeld, stadfesting av at eventuell(e) heimelshavar(-ar) til bruksrett(-ar), herunder heimelshavar(-ar) som festar(-ar), er varsla, dokument som er nødvendige for å få tinglyst samanslåinga, jf. matrikkelforskrifta § 43, første ledd. Søknadsskjemaet med vedlegg sender du til Aukra kommune Kva skjer etter du har søkt? Før kravet blir behandla, må dette vere underteikna av den/dei som har grunnboksheimel som eigar(-ar), jf. matrikkellova § 18. 3) Dersom nokon av matrikkeleiningane har hefte, må det ordnast opp i desse før samanslåing kan skje, jf. matrikkelforskrifta § 43, åttande ledd. Opplysningar om hefte m.v. får ein ved å kontakte tinglysingsetaten. Vi kontrollerer at vilkåra for samanslåing er til stades, registrerer samanslåinga i matrikkelen og vidaresender kravet til tinglysing. Finn tinglysingsmynda at vilkåra føre er oppfylte, vert samanslåinga merka i grunnboka. Når vi får tilbakemelding på at samanslåinga er tinglyst, sender vi matrikkelbrev til søkjaren. Ta kontakt med kommunen for nærmare informasjon dersom: ein eller fleire av dei matrikkeleiningane ein ønskjer å slå saman er seksjonerte, sidan krav om samanslåing kan reise krav om samtidig reseksjonering det ligg festegrunn på ein eller fleire av dei utgåande matrikkeleiningane. Kva kostar det? Tenesta er gratis. Sist endra 02.05.2024 13.04