Klarlegge grenseVi klarlegg gjeldande grenser når det er behov for å få målt og merka grenser for ein eigedom eller grense som ikkje tidlegare er koordinatbestemt. Kven kan søkje om klarlegging av grense? Eigar av eigedomen/heimelshavar, eigar av festerett, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt, kan søkje om grensepåvising. Slik søkjer du om klarlegging av grense Fyll ut søknadsskjemaet om klarlegging av grense Merk av i skjemaet kva du søkjer om Søknaden sender du til Aukra kommune Søknaden må vere underteikna av alle eigarane og eventuelt festarar av dei rørde eigedomane. I dei tilfella der det er eit firma som er eigar av eigedomen, må det leggjast fram firmaattest av nyare dato. Vedlegg til søknaden: Kartutsnitt der det er markert kva grensepunkt som blir kravde kartlagt. Du kan for eksempel markere det på eit situasjonskart som kan bestillast hos kommunen. Dersom ikkje eigedomen er teikna inn i matrikkelkartet må søkjar sjølv teikne inn eigedomen på kartutsnittet. I dei tilfella der det er eit firma som er eigar av eigedomen, må det leggjast ved firmaattest av nyare dato Kva skjer vidare med søknaden din? Kva skjer vidare etter du har søkt om klarlegging av grenser? For å kunne påvise dei gjeldande grensene er i samsvar med grenseskildringa i skylddelingspapiret og merke marka, må vi gjennomføre ei oppmålingsforretning (søkjar, rørte partar og landmålar møtast på den aktuelle eigedomen). Før oppmålingsforretning Varsel om tidspunkt for oppmålingsforretning/møte på aktuell eigedom, blir send til eigarar (heimelshavarane) og naboar til den aktuelle grensa. Partane blir varsla seinast 2 veker i framkant dersom ikkje anna er avtalt. Dersom somme skal møte i staden for dei som er innkalla, må desse ha skriftleg fullmakt. Oppmålingsforretning Nye grenser vert merka i marka og blir målt inn etter dagens krav til nøyaktigheit. Det skal førast protokoll over kva som er klarlagt og avtalt under møte på eigedomen. Grensejusteringa blir ført i matrikkelen. Etter oppmålingsforretning Vi utarbeider nye matrikkelbrev for eigedomane. Dei nye matrikkelbreva blir sende til søkjar/rekvirent, rørte partar får tilsendt kartutsnitt med ny grense saman med eitt følgjeskriv. Kva kostar det? Saksbehandlingsgebyret går fram av Aukra kommune sitt gebyrregulativ. Sjekk gebyret Klage Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du enten per post til:Aukra kommuneNyjordvegen 126480 Aukraeller digitalt ved å bruke eDialog.Du kan òg sende klagen på e-post til post@aukra.kommune.no. Hugs å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post. Sist endra 25.04.2024 10.26