Nedgravne oljetankarOljetank med mineralolje er no forbode - fjerning av nedgravne oljetankarFrå 01.01.2020 vart fyring med mineralolje for å varme opp bustadar og andre bygg forbode. Det ligg framleis mange av desse tankane att. Nedgravne oljetankar frå tidlegare oljefyring utgjer ei aukande kjelde til forureining av grunnen. Nedgravne tankar som ikkje er i bruk, skal som hovudregel fjernast. Fjerning eller avvikling av oljetank er meldepliktig til kommunen. Har du ein nedgraven oljetank? - Melding om oljetankar Vi vil gjerne kartlegge oljetankane i kommunen vår. Har du ein nedgraven oljetank, ber vi deg om å melde i frå til oss. Bruk skjemaet nedanfor. Er du usikker om du har ein oljetank? På oljefritt.no finn du nokre tips, korleis du kan finne ut av det. Følg lenka nedanfor. Kan det vere ein oljetank på eigedommen min? Eigar har ansvaret Tankeigaren (eigar av einebustad, burettslag, næringsverksemd) har ansvar for forureining som måtte oppstå frå tanken og for kostnadane ved å rydde opp. Dette følger av forureiningslova § 7. Det er tankeigar som har ansvaret for fjerninga. Etter forurensingsforskrifta og lokal forskrift er du ansvarleg for å gi kommunen beskjed om, og levere dokumentasjon på: forsvarleg tømming av oljetanken, oljetankens tilstand, at lekkasje/overfylling og liknande ikkje har forårsaka grunnforurensning og levering av oljeavfall til godkjent mottak. Korleis fjernar eg tanken? Plikta i forureiningslova § 7 for å unngå forureining inneber krav til at arbeidet må utførast på ein slik måte at det ikkje utgjer noko fare for forureining. Dette krev at aktøren har tilstrekkeleg kompetanse på feltet. Du må ikkje søke om å fjerne oljetanken, og kan sjølv ta direkte kontakt med eit godkjend firma for tømming og reingjering. Før oppgraving skal tanken tømmast og reingjerast av godkjent firma Påfyllingsrøyr til tanken skal fjernast På oljefri.no kan du lese kva du skal gjere, steg for steg, for å kvitte deg med tanken. Informasjon om fjerning av tank på oljefritt.no Når du på riktig vis har kvittet deg med tanken, må kommunen få melding om det. Firma som driver med tanksanering er pålagt å gjere dette for deg, men det er du som har det endelige ansvaret for å sørge for at det er gjort. Melding om fjerning av nedgravd oljetank Send inn melding om fjerning Vedlegg til melding om fjerning av nedgravd oljetank Kart over eigendomen med innteikna plassering av oljetank Dokumentasjon på etterbehandling av tanken. Dersom tanken går til destruksjon må du leggje ved dokumentasjon på reingjering av tanken og levering til godkjent mottak. Kva om tanken ikkje kan fjernast? - Søknad om dispensasjon og melding om utført gjenfylling Søknad om dispensasjon til gjenfylling av oljetank Har du ein oljetank som ligg under ein terrasse, platting eller liknande og det vil bli svært vanskeleg å få tanken opp – eller uforholdsmessig dyrt – kan du søke kommunen om å sleppe å fjerne den. Får du innvilga søknaden, må tanken tømmast, reingjerast og fyllast att med sand, grus eller andre naturlege massar. Og stengast. Etter at arbeidet er utført, må du sørge for at ein tilstandsrapport blir sendt inn til kommunen. Jobben må utførast av profesjonelle. Søknad om gjenfylling må beskrive kvifor du ikkje kan fjerne tanken. Du må leggje ved følgjande vedlegg: Situasjonskart som viser kor tanken er nedgravd Bilete som viser tanken sin plassering, tilkomstmoglegheit og eventuelle andre fysiske forhold som har med søknaden å gjere Tilstandsrapport med bilete av tanken innvendig som viser at tanken er reinsa, tømt og utan hol To uavhengige kostnadsoverslag som dokumentasjon for store kostnadar ved fjerning Søknad om dispensasjon til gjenfylling av oljetank Melding om gjenfylling av oljetank Etter utført arbeid må føretaket sende inn melding om det til kommunen. Melding om utført gjenfylling Avlsutta støtteordningar Fram til og med 2019 hadde Enova økonomiske støtteordningar for å fjerne nedgravne oljetankar. Denne støtteordninga opphøyrde idet fyring med mineralolje blei forbode i 2020. Vi er ikkje kjend med andre økonomiske støtteordningar for å fjerne oljetankar. Har du fleire spørsmål?Les meir om temaet på Miljødirektoratet sine siderSkjemaVi har samla alle skjema som gjeld nedgravna oljetankar på ei side.Gå til skjemasida Publisert 02.11.2018 14.04 Sist endra 01.10.2024 09.46