Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Byggjesøknad for å endre bruken av eit rom

Skal du bruke bygget eller delar av det til noko anna enn det det er godkjent til? Vil du gjere loft eller kjellar om til soverom eller stove? Eller vil du gjere kontor om til bustad? Då må du søkje om bruksendring.

Du kan sende byggjesøknad på eiga hand dersom

du endrar bruken av rommet frå tilleggsdel til hovuddel innanfor same branncelle (for eksempel frå bod til soverom).

Slik søkjer du sjølv om bruksendring

Du må sende byggjesøknad med hjelp frå fagfolk dersom

  • du skal etablere ei ny leilegheit eller sekundærleilegheit, for eksempel ei utleigeleilegheit. 
  • du skal bruke huset eller delar av det til eit anna formål enn det du gjer i dag. Det gjeld for eksempel endring frå bustad til næringsbygg. 
  • du skal endre på berevegger eller pigge opp eit berande golv. 
  • du ønskjer å få godkjent ein gjeldande utleigedel som ei sjølvstendig bueining etter plan- og bygningslova.

Slik søkjer du med hjelp frå fagfolk

Kontakt

Ingrid Ilestad
Saksbehandlar
E-post
Mobil 90 95 32 58
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30