Søk med hjelp frå fagfolk om du skal byggje eller riveSkal du rive eller byggje eit bygg eller påbygg, må du søkje med hjelp frå fagfolk. Du kan verken søkje, byggje eller rive sjølv, med mindre du kan dokumentere at du er ein kvalifisert fagperson. Kontakt fagfolk som kan søkje for deg Din rolle i byggesaka vert då tiltakshavar. Det innebêr at du er eigar av tiltaket, men at fagfolk må fylle ut søknaden for deg. Prosjektering og utføring vert også overlatt til fagfolk som du må engasjere og inngå avtalar med. Føretakene må erklære ansvarsrett. Føretaket får ansvarsrett i tiltaket når erklæringa er sendt til kommunen Føretaket skal sende ei erklæring til kommunen om at det tek på seg det juridiske og offentlegrettslige ansvaret for byggesaka. Med erklæringa stadfester føretaket også at det har den nødvendige faglege kompetansen til å kunne utføre arbeidet på en forsvarleg måte. Erklæringa skal sendes til kommunen før arbeidet startar, men arbeidet kan starte umiddelbart etter at erklæringa er sendt. Når erklæringa er sendt, har føretaket teke på seg ansvarsretten. Firma med sentral godkjenning Hos Direktoratet for byggkvalitet kan du søke etter firma med sentral godkjenning. Er du i tvil om du kan søke sjølv, kan du ta kontakt med Aukra kommune for hjelp og rettleiing. Byggesaksforskriften § 12-2 (SAK10) om ansvarleg søkar sitt ansvar Publisert 16.08.2018 09.58 Sist endra 11.07.2023 09.30