Ferdigattest og bruksløyveTiltak med søknadspliktNår byggverket er ferdig, må du søkje om ferdigattest. Normalt er det ansvarleg søkjar som må søkje om ferdigattest eller mellombels bruksløyve. Ved tiltak der det ikkje er ansvarleg søkjar, er det tiltakshavar som skal sende inn søknaden.Slik søkjer du om ferdigattest og bruksløyveDu finn søknadsskjema om ferdigattest og bruksløyve på DIBK sine sider.Vedlegg som må følgje søknad om ferdigattest/mellombels bruksløyveAnsvarleg søkjar sender inn søknad:GjennomføringsplanSluttrapport med avfallsplan (berre ved enkelte typar tiltak)Tiltakshavar sender inn søknad:Oppdatert situasjonsplanOppdaterte teikningarDokumentasjon om tiltaket si plassering slik den er utførtTiltak utan søknadspliktOversikt over tiltak utan søknadsplikt finn du på Direktoratet for byggkvalitet sine sider.Kva kostar det?Det er gratis å søkje om ferdigattest og bruksløyve.Lover og reglarLes meir om regelverket. Publisert 18.07.2018 14.25 Sist endra 29.04.2024 08.48