Hovudregelen er at alt skal byggje slik at det er i samsvar med plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter og planar. Dei forskjellige områda i kommunen har ulike planføresegner. Når du skal byggje noko må du derfor finne ut kva føresegner som gjeld for eigedomen din.
Reguleringsplanar og kommuneplanar er tilgjengeleg i kommunen sin planportal. I planportalen kan du også sjå om det er gitt dispensasjonar innanfor den einskilde planen.
Dispensasjon kan vere varig eller tidsavgrensa. Du kan søkje om dispensasjon frå alle føresegner, men ikkje frå saksbehandlingsreglar.
Du kan lese meir om dispensasjon på Direktoratet for byggkvalitet sitt faktaark. (PDF, 276 kB)
Kva skal til for å få ein dispensasjon?
Du kan få dispensasjon dersom
- omsynet til føresegna det blir søkt dispensasjon frå, eller omsyn i loven sin føremålsparagraf (§1-1) ikkje vert vesentleg sett til side
- fordelane ved å gi dispensasjon er klart større enn ulempene
Begge desse vilkåra må vere oppfylte for at kommunen kan vurdere å gi dispensasjon.
Når du skal søkje om dispensasjon bør du grunngi søknaden med forhold som er spesielle for saka di. Argumenter som vanlegvis ikkje er avgjerande, er personlege forhold som
- behov for større plass
- sjukdom
- at dispensasjonen er nødvendig som ledd i eit arveoppgjer
Grunnen er at arealbruk blir fastlagd i eit livslangt perspektiv, mens eigarforholda på staden vil kunne vere skiftande.
Slik søkjer du om dispensasjon
Du kan søkje om dispensasjonen i framkant eller samtidig med tiltaket (det du skal byggje).
Saksbehandling
Saksbehandlingsfristen er på 12 veker frå motteke søknad. Du vil normalt få ei tilbakemelding innan 2 veker om det er manglar ved søknaden.
Dersom søknaden gjeld andre statlege styresmakter sine saksområde, vil søknaden bli send til uttale dersom du ikkje har gjort det i framkant. Andre styresmakter har 4 veker svarfrist.
Saksbehandlingsgebyr
Klage
Ingen har krav på få dispensasjon. Dersom resultatet av saksbehandlinga blir avslag, har du klagerett. Meir informasjon om klagerett: