ServeringsbevillingNår treng du serveringsbevilling? Vil du starte ein stad der det vert servert mat og/eller drikke, må du ha serveringsbevilling. I nokre få tilfelle treng du ikkje serveringsbevilling (for eksempel kakesal i regi av FAU på 17. mai). Er du usikker om du treng bevilling eller ikkje, kan du ta kontakt med serviceavdelinga på telefon 71 17 15 00. Krav som du må oppfylle Dagleg leiar ved staden må ha bestått etablerarprøva. Dagleg leiar ved staden må vere myndig. Dagleg leiar må vere tilsett ved staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling. Leiaren må ha det reelle ansvaret for drifta. Serveringslova stiller krav om uklanderleg vandel. Ved eigarskifte må du søkje om ny bevilling innan 30 dagar etter at du inngjekk avtale om overdraging. Les meir om eigarskifte her. Korleis søkje om serveringsbevilling? Du må sende oss ein søknad om serveringsbevilling. Søknadsskjemaet er elektronisk. Du kan laste opp alle vedlegg i søknaden. Søk om serveringsbevilling Vedlegg som må følgje søknad om serveringsbevilling Stadfesta kopi av bevis for bestått etablerarprøve for dagleg leiar på serveringsstaden Dokumentasjon på at styrar og stedfortredar er tilsett ved serveringsstaden Kopi av kvittering for registrering hos Mattilsynet. Du kan registrere bedriften din på Mattilsynet sine sider. Skatteattest for bevillingssøkjaren og eigarar med vesentleg eigardel Firmaattest for bevillingssøkjaren og eigarar med vesentleg eigardel Utskrift av aksjeeigarbok med alle involverte aksjonærar, med eigarforhold, stadfesta av revisor Planteikning over serveringsstaden Bruksløyve frå bygningsmyndigheitene Kor lang tid tek det? Kommunen skal behandle søknad om serveringsbevilling innan 60 dagar etter at du har sendt inn ein fullstendig søknad. Søknaden vert sendt på høyring til politiet, Skatteetaten og Mattilsynet. Behandlingstida kan ta lengre tid, dersom høyringsinstansane brukar lang tid, har merknader til søknaden eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga. Klage på vedtak om serveringsbevilling Vedtak om serveringsbevilling er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du enten per post til:Aukra kommuneNyjordvegen 126480 Aukraeller digitalt ved å bruke eDialog.Du kan òg sende klagen på e-post til post@aukra.kommune.no. Hugs å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post. Lover og reglar Oversikt over lover og reglar som gjeld for serverings-, sals- og skjenkestadar. Sist endra 25.04.2024 10.26