Eigarskifte og drift i overgangsperioden på tidlegare eigars bevillingHar du overtatt ein eksisterande sals-, skjenke- eller serveringsstad, kan du drive vidare på tidlegare eigars bevilling, mens du ventar på at din nye søknad vert behandla. Dette gjeld kun i ein overgangsperiode på tre månadar og berre dersom bestemte vilkår er oppfylt.Vilkåra som må vere oppfylt for å kunne drive på tidlegare eigars bevilling i ein overgangsperiode Kommunen må få beskjed om at det har skjedd ei overdraging av verksemda og at du ønskjer å ta i bruk tidlegare eigars bevilling. Du må søkje om ny bevilling innan lovbestemte tidsfristar: Etter serveringslova må du søkje om ny bevilling innan 30 dagar etter at du inngjekk avtale om overdraging. Etter alkohollova må du søkje om ny bevilling innan 30 dagar etter sjølve overdraginga. Vær merksam på at du må overhalde serveringslova sin frist, dersom du skal overta ein skjenkestad, sidan ein skjenkestad alltid har både serverings- og skjenkebevilling. Det må ligg føre eit rettsleg suksesjonsforhold mellom tidlegare og noverande eigarKva er eit eigarskifte?Eksemplar på kva som vert rekna som eigarskifte: Kjøps- eller salssituasjon mellom to avtalepartar Vesentlege endringar i eigarandelar i selskapet som innehar bevillinga Skifte mellom selskap i same konsern Skifte av selskapsform (sjølv om eigarinteressene heilt eller delvis er dei same som før)Korleis melde frå til kommunenDu kan sende ein e-post til post@aukra.kommune.no eller eit brev til Aukra kommune, der du melder om eigarskifte. Serveringsbevilling: Du må søkje om ny bevilling innan 30 dagar etter at du inngjekk avtale om overdraging. Salsbevilling for alkohol: Du må søkje om ny bevilling innan 30 dagar etter sjølve overdraginga. Skjenkebevilling: Du må søkje om ny bevilling innan 30 dagar etter sjølve overdraginga. Publisert 10.07.2018 10.32 Sist endra 08.02.2024 09.55