Salsbevilling for alkoholNår treng du salssbevilling?Butikkar som skal selje alkohol, må søkje om salsbevilling. Salsbevillinga gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol.Skal du ha eit arrangement og skjenke alkohol til dine gjestar, må du søkje skjenkebevilling for opent og lukka arrangement.Bensinstasjonar, kioskar og gatekjøkken kan ikkje få salsbevilling.Krav som du må oppfylleStyrar og stedfortredar ved staden må ha bestått kunnskapsprøva.Styrar og stedfortredar ved staden må vere over 20 år.Styrar og stedfortredar må vere tilsett ved staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling.Alkohollova stiller krav om uklanderleg vandel.Ved eigarskifte må du søkje om ny bevilling innan 30 dagar etter overdraginga.Korleis søkje om salssbevilling?Du må sende oss ein søknad om salssbevilling. Søknadsskjemaet er elektronisk. Du kan laste opp alle vedlegg i søknaden.Vedlegg som må følgje søknad om salssbevilling Dokumentasjon på at styrar og stedfortredar på salsstaden har bestått kunnskapsprøvaDokumentasjon på at styrar og stedfortredar er tilsett ved salsstadenFirmaattest frå Brønnøysundregistra for den som søkjer bevillingaSkatteattest for den som søkjer bevillingaUtskrift av aksjeeigarbok med alle involverte aksjonærar, med eigarforhold, stadfesta av revisorPlanteikningar over arealet og funksjonane i lokaletBruksløyve frå bygningsmyndigheiteneKor lang tid tek det?Kommunen skal behandle søknad om salssbevilling innan fire månadar etter at du har sendt inn ein fullstendig søknad. Søknaden vert sendt på høyring til politiet, Skatteetaten og sosialtenesta. Behandlingstida kan ta lengre tid, dersom høyringsinstansane brukar lang tid, har merknader til søknaden eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga.Klage på vedtak om salsbevillingVedtak om salsbevilling er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du enten per post til:Aukra kommuneNyjordvegen 126480 Aukraeller digitalt ved å bruke eDialog.Du kan òg sende klagen på e-post til post@aukra.kommune.no. Hugs å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post. Lover og reglarOversikt over lover og reglar som gjeld for serverings-, sals- og skjenkestadar. Publisert 10.07.2018 10.16 Sist endra 25.04.2024 10.26