Stimuleringstilskot til landbruketStimuleringstilskot til landbruket skal motivere til vidare arbeid, primært for dei aktive bruka, då denne næringa representerer ei samfunnsbygging vi treng vidare i Aukra.Stimuleringstilskotet skal med støtte til konkrete tiltak bidra til reduksjon av klimagassutslepp og støtte opp under ei berekraftig forvaltning av naturen og kulturlandskapet.Kven kan søkje om stimuleringstilskot til landbruket?Alle aktive landbruk i Aukra kommune kan søkje om stimuleringstilskot.Kva kan du få stimuleringstilskot til?Tiltak for rensking eller senking av kanaler (opne grøfter)VedlikehaldsgrøftingSkjøtsel av leplantefelt – spesielt knytt til dyrkamarkNydyrkingGjødsellagerEventuelle andre tiltakVilkår for stimuleringstilskot til landbruketTilskotet kan dekkje inntil 50 % av utgifteneDu kan få tilskotet i tillegg til andre tilskot (til dømes BU-midlar eller SMIL-midlar). Samla tilskot kan ikkje overstige 50% av godkjent kostnadsoverslag.Der det finst andre tilskotsordningar, må du søkje på dei førstNedre kostnadsgrense for å få tilskot er kr 10 000,-Korleis søkje om stimuleringstilskot til landbruket?Det er ikkje eige søknadsskjema for ordninga. Ta kontakt med Aukra næringsforum for rettleiing. Søknaden skal innehaldeomfang og føremål med tiltaketfullstendig kostnadsoverslag over materialar og arbeidskostnadaroversikt over korleis tiltaket skal finansierasttekniske planar, utarbeidd av kommunen eller annan fagetat med kompetanseskriftlege avtalar med grunneigarar dersom tiltaket er fellestiltak eller der du ikkje sjølv er eigar av eigedomen der tiltaket skal utførastopplysningar om det er søkt finansiering gjennom andre ordningarKontakt Aukra næringsforumFrist for å søkje om stimuleringstilskot til landbruketFrist for å søkje om stimuleringstilskot er 1. mai kvart år.Retningslinjer for stimuleringstilskot til landbruketLes retningslinjene (PDF, 139 kB) Publisert 12.03.2021 11.28 Sist endra 26.02.2024 09.47