SMIL - spesielle miljøtiltak i jordbruket

SMIL-midlar er eit tilskot til føretak som vil gjennomføre miljøtiltak på ein landbrukseigedom. Føremålet er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket, samt å redusere forureining frå jordbruket.

Kven kan søkje om SMIL-midlar?

  • Både eigar og leigar av landbrukseigedommar i drift kan søkje om tilskot
  • Ved søknad om tiltak på leigejord må det føreligge løyve frå eigar

Kva kan du få SMIL-midlar til?

  • Forureiningsreduserande tiltak
  • Kulturlandskapstiltak
  • Miljøtiltak utover vanleg jordbruksdrift
  • Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt

Korleis søkje om SMIL-midlar?

Fyll ut søknad om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) i Altinn.

Vedlegg til søknaden

  • Kart som viser arealet eller objekt, der tiltak skal bli gjennomført
  • Kulturminne, område som er viktige for biologisk mangfald, areal med risiko for tap av jord og næringsstoff og andre forhold av miljømessig betydning skal vere kartfesta og beskrevet
  • Ved søknad om tiltak på leigejord må du legge ved løyve frå eigar

I tillegg kan det vere aktuelt å laste opp følgjande vedlegg:

  • Gjødslingsplan
  • Plantevernjournal
  • Arbeidsteikningar som beskriv materialar og metodar
  • Bilete av objektet/arealet

Frist for å søkje om SMIL-midlar

Frist for å søkje om SMIL-midlar er 1. april kvart år.

Retningsliner for Aukra kommune

Kvar kommune har eigne retningsliner for tildeling av SMIL-midlar, ut frå lokale behov, utfordringar og målsettingar. Retningslinene for Aukra kommune er under behandling og vert lagt ut så snart dei er vedtekne.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om SMIL-midlar på Landbruksdirektoratet si heimeside.

Klage på vedtak om SMIL-midlar

Kontakt

Gunn Sissel Gjersvik
E-post
Mobil 99 10 93 21
Jermund Vågen
E-post
Mobil 97 57 07 99
Stine Løvik Huse
E-post
Mobil 98 66 89 02
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30